Annonsen har utløpt. Du finner flere jobbmuligheter på tujobb.no

Regional- og næringsavdelinga har ledig treårig prosjektstilling innan vassforvalting i Møre og Romsdal, med mulegheit for forlenging. Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit, og har ansvar for å sikre framdrift i arbeidet med skape eit betre vassmiljø i regionen.

Prosjektansvarleg skal følgje opp tiltak i regional vassplan, og skal sørge for framdrift, informasjon og oppslutning i vassområda Søre- og Nordre Sunnmøre. Stillinga blir ein del av ei aktiv og kompetent fagavdeling, og inneber tett samarbeid med kommunar og andre fagmiljø.”

 

Oppgåver og ansvar

  • Følge opp plan for tiltak i vassområda
  • Sikre planlegging, organisering og gjennomføring av tiltak i vassområda
  • Bidra til kompetanseheving og rettleie kommunane i arbeidet med oppfølging av vassforskrifta
  • Sekretariat for vassområdeutvala
  • Arbeide for å skape lokal medverknad, oppslutning og engasjement i vassområda 

 

Krav til kompetanse

  • Relevant høgare naturfagleg utdanning 
  • Utprega samarbeidsevner og god arbeidskapasitet
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • Erfaring frå fagområdet og god kjennskap til offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

I tillegg vil vi vektlegge følgjande personlege eigenskapar:

  • Initiativrik, engasjert og løysingsorientert 
  • Evne til strategisk tenking
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Dyktig til å bygge relasjonar

 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogeleg tenester.
  • Introduksjonsprogram
  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Utvikling for kvar medarbeidar
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

 

Mangfald

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

 

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

 

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.


Møre og Romsdal Fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Flere stillinger fra Møre og Romsdal Fylkeskommune