Frå 1.1.2018 blir 3 tekniske einingar slått saman. Dette er plan og utvikling, teknikk, eigedom og brann (TEB) og utbygging. Aukra kommune tilbyr ei spennande leiarstilling med mulegheit til å påverke utviklinga og organiseringa av denne nye eininga som til saman vil ha 56 tilsette inkl. frivillig brannmannskap. 

Rådmannen er næraste overordna og einingsleiar er aktivt medlem i rådmannen si leiargruppe. 

Ny leiar skal bli tilsett i god tid før den nye eininga er etablert, og blir sentral i arbeidet med å forme organiseringa.

 

Arbeidsoppgaver

  • Vere med og forme framtidig innhald i ny teknisk eining 
  • Utvikle eininga sin strategi, bedriftskultur med tydelege leiarroller, kompetanseutvikling, gode haldningar, heilskaplege løysingar og tverrfagleg teamarbeid 

 

Leiaren skal ha betryggande kontroll innanfor: 

  • Tenesteproduksjon 
  • Personalforvaltning 
  • Innkjøp 
  • IKT 
  • Økonomi

 

Ønskede kvalifikasjoner

Kommunen søker ein leiar med høgare (fortrinnsvis) teknisk / naturfagleg utdanning, alternativt utdanning innanfor planfag, kommunaltekniske fag, juridiske fag eller kombinasjonar av desse. Leiarerfaring og utdanning frå relaterte verksemder innafor desse fagområda er positivt. 

Du må kunne å leie gjennom gode prosessar med dine medarbeidarar, kollegaer og overordna leiing. Vi ser etter ein tydeleg leiar med gode samarbeidseigenskapar og som er løysingsorientert og nytenkande. Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter er ein føresetnad. Det er ønskeleg med erfaring frå endringsprosessar og gode kunnskapar innan organisasjonsutvikling.

 

Vi tilbyr

  • Interessante oppgåver i eit sterkt og godt fagmiljø 
  • Mulegheit til å vere med å utvikle det kommunale tenestetilbodet gjennom samarbeidet i rådmannen si leiargruppe 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter avtale. 
  • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning. 
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

 

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. 

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. 

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

Ta kontakt med kommunen sin rådgjevar Ivar Morten Normark frå Personalhuset Search & Selection, mob. 975 01 433. e-post: ivar.morten.normark@personalhuset-sg.com 

For å søkje stillinga: besøk www.personalhuset.no og gå til "Ledige stillinger" "Møre og Romsdal" i menyen.

Søknadsfrist 26.juni 2017

 

Personalhuset Search & Selection er en av Nordens ledende rekrutteringsaktører med 30 kontorer. Vi tilbyr bistand med rekruttering av ledere, fagspesialiseter og medarbeidere. Våre dyktige rådgivere har solid erfaring og lokal forankring. Vi bistår med rekrutteringsoppdrag innen alle bransjer, både i privat og offentlig sektor. Vår visjon er å være avgjørende for våre kunders suksess. Personalhuset Search & Selection er endel av Personalhuset Staffing Group.

Aukra kommune

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har 320 årsverk fordelt på omlag 400 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar og pr i dag 13 einingar. 

Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.

Flere stillinger fra Aukra kommune