VVS teknikk er eit miljø med fokus på utvikling av høg fagleg kompetanse. Vårt største konkurransefortrinn skal vera å ha den beste kombinasjonen av spisskompetanse, generell kompetanse, multifagkunnskap, størrelse og landsdekkande nærvær.

Me søkjer etter ingeniør innan VVS fag. Me oppfordrar både erfarne og nyutdanna ingeniørar til å søkja, nødvendig opplæring vil bli gjeve. Ein spennande mulegheit for deg som ønskjer ei stilling der du får brukt kompetansen din i ei verksemd som utgjer ein spydspiss innan teknologisk utvikling.

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver innan rådgjeving og prosjektering. Dersom du set pris på å jobba tverrfagleg og kunderetta i ei variert og utfordrande rolle, er dette ei stilling du bør sjå nærare på.

 

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektering av VVS tekniske anlegg i bygg, som t.d. sanitæranlegg, varme- og kjøleanlegg, sprinkleranlegg, ventilasjonsanlegg, etc.
  • Prosjektering av HVAC anlegg til offshore installasjonar.
  • Arbeid med industri- og prosessanlegg og VVS i akvakultur.
  • Prosjektering av vannbårne energiforsyningsanlegg og varmepumpeanlegg.
  • Utarbeiding av anbodsmateriell, evaluering og kontraktsinngåing av entreprisar innafor VVS installasjoner.
  • Gjennomføring av anbod i samsvar med bestemmelsar i lov om offentlege anskaffingar.
  • Oppfølgjing av prosjektering under byggeperiode, og kontrollar i samband med overlevering.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Praktisk bakgrunn innan VVS i bygg og anleggsbransjen er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjektering og modellering i Autocad/Revit med Magicad

 

Personlege egenskapar

  • Kreativ og fagleg engasjert
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Resultat- og løysingsorientert
  • Må trivast med tekniske utfordringar
  • Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan bidra med ansvar, engasjement og lagspel i tråd med Multiconsult sine kjerneverdiar

 

Multiconsult tilbyr

  • Eit svært godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Ei spennende stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne lokaler sentralt på Leirvik med kantineordning
  • Fem veker ferie, samt fri mellom jul og nyttår og i påsken
  • Firmahytter
  • Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenavn og et multifagleg miljø

Multiconsult

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom et 30-talls kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre mer enn 2300 medarbeidere.

Multiconsult opererer innenfor sju forretningsområder: Bygg & Eiendom, Industri, Olje & Gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & Samfunn.