Os kommune er ein vekstkommune med store oppgåver innan utvikling av den tekniske infrastrukturen, både for eksisterande VA-nett og for nyanlegg. Vi treng derfor fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald på VA-området på eining for Tekniske Tenester.

Vil du vere med å løfte Osbygda til nye høgder?

Arbeidsstad: Industrivegen 96

Os kommune er helt avhengig av god og sikker vatn forsyning og at vi har eit avløpssystem som fungerer godt. Nytt kommunalt vassbehandlingsanlegg blei opna i 2011 og nytt hovudavløp reinseanlegg (OHARA) er under bygging.

Arbeidsoppgåver:

  • Pådrivar for å sikra effektiv drift og vedlikehald av VA-anlegg
  • Leverandøroppfølging 
  • Inngå som Teknisk Tenester sin representant i prosjektgruppa for utbygging av OHARA 
  • Overordna ansvar for drift av kommunale reinseanlegg samt framtidig ansvar for drift og vedlikehald av OHARA når anlegget er ferdig bygget og overtatt av Tekniske Tenester.
  • Forvaltningsoppgåver innan vatn og avløpsområdet

Kvalifikasjonar:

  • Master- (siving) eller bachelorgrad (ing) i VA-fag eller prosess-/kjemifag. 
  • Søker må ha kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid.
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • God gjennomføringsevne
  • Må like å ta ansvar og ha evne til å jobbe sjølvstendig 
  • Må være fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

 

Slik søkjer du:  Klikk på "søk nå" og følg vidare instruksjonar. 

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernamn/passord" eller ta kontakt med personalkontoret.

 


Os kommune

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.