VVA-ingeniør/Avdelingsleiar VA

ID 645

Stillingsbeskrivelse

Tokke kommune har ledig 100% stilling som VVA-ingeniør/Avdelingsleiar VA

Stillinga er organisert i plan, næring og teknisk etat, som har avdelingsleiarar for tekniske avdelingar: Uteavdeling, Eigedomsavdeling og Vatn- og avlaupsavdeling.

VA-avdelinga har 4 stillingar som avdelingsleiar/VVA-ingeniøren har personalansvaret for. Avdelingsleiaren rapporterar til kommunalsjefen.

Arbeidsoppgåver og ansvar som mellom anna er lagt til stillinga:

  • Utarbeiding av vedlikehaldsplanar og hovudplanar.
  • Prosjektleiing innanfor både drifts- og investeringsprosjekt.
  • Revisjon og oppdatering av HMS- og IK-matsystemet
  • Sakshandsaming, planlegging og utgreiingar til politiske utval
  • Drift av kommunaltekniske anlegg

Me ynskjer søkerar med bachelor eller tilsvarande realkompetanse, og med erfaring innan:

  • Vedlikehald og drift av kommunaltekniske anlegg
  • Prosjektleiing/prosjektarbeid
  • Økonomistyring ved gjennomføring av prosjekt

Personlege eigenskapar:

  • Vere systematisk og utviklingsorientert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Kommunen kan tilby:

  • Variera og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Gjensidig prøvetid på 6 mnd.
  • Hjelp til å skaffe bustad

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Nærare informasjon om stillinga kan rettast til VVA-ingeniør/avdelingsleiar Bjørn Aslak Brekke eller kommunalsjef for plan, næring og teknisk Gunhild Austjord tlf. 35 07 52 00.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn her.

Elektronisk søknadskjema

Det elektroniske søknadsskjemaet MÅ fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknadsfrist 21. januar 2020

Kontaktpersoner

Bjørn Aslak Brekke
VVA-ingeniør/avdelingsleiar
Telefonnummer: 35 07 52 00
Gunhild Austjord
kommunalsjef for plan, næring og teknisk
Telefonnummer: 35 07 52 00

Hvem er Tokke kommune?

Tokke kommune ligg innerst i Telemarkskanalen og strekkjer seg opp mot alle sider frå innerst i Bandak.

Tokke kommune har tradisjon med industri og eksport med brynestein heilt frå viking-tida. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og heilt fram til 2. verdskrig.

Kraftutbygginga på 50-60-talet har gjeve gode inntekter slik at kommunen har kunna byggje ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv.

Kommunesenteret Dalen, med eventyrhotellet Dalen Hotel ( frå 1892 ), er prega av industriverksemder og handel/ tenesteytande verksemder.

Tokke har tre tettstadar i kommunen i tillegg til Dalen. Høydalsmo, Åmdals Verk og Lårdal. I tillegg fleire livskraftige lokalsamfunn som Byrte, Skafså, Mo, Austheii, Froland.

Tokke har mykje å by på både av natur, opplevingar, museum og aktive og levande samfunn. Ta ein tur då vel!