Virksomhetsarkitekt

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 22. mars, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Statens vegvesen har ei distribuert IKT-avdeling med rundt 320 medarbeidarar. Seksjon for arkitektur har mellom anna ansvar for å definere framtidsretta løsningsarkitekturar som kan møte utfordringar og muligheiter knytt til den generelle teknologiutviklinga.  Eksempelvis ?Tinga sitt Internett" (sjølvkjørande bilar), skytjenester- og automatisering, ?Big Data" m.m.

Som virksomhetsarkitekt hos oss vil du jobbe i eit spennande kompetansemiljø saman med 17 andre arkitektar. Vi legg vekt på å lære av kvarandre og aktivt dele kunnskap. Du får arbeide både med strategisk utviklingsarbeid og prosjekt som driv teknologien framover. Stillinga har kontorstad i Oslo.

Ansvar:

Sikre at verksemdsområdet sine planlagde tiltak støtter opp under etaten og verksemdsområda sine målbilde og vegkart.

Oppgåver:

  • Forvalte verksemdsarkitekturen innanfor verksemdsområdet
  • Delta i strategiarbeid innanfor verksemdsområdet
  • Utarbeide målbilde og vegkart
  • Gjennomføre analyser og arkitekturvurderingar inn mot verksemdsområdet si portefølje og enkeltprosjekt (eksisterande, planlagde eller påtenkte tiltak) 

Krav til kvalifikasjonar

Vi krev at du har minst fem års relevant IT-utdanning frå universitet eller høgskule.  Omfattande og relevant erfaring frå fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Du bør ha minst 5 års erfaring innan IKT (systemutvikling, leiing av prosjekt, IT-arkitektur), og vi vil leggje vekt på om du har

  • erfaring med digitalisering av arbeidsprosessar
  • god forståing for porteføljehandtering
  • god evne til å forstå og omsetje brukarane sine behov og arbeidsprosessar
  • erfaring med strategiarbeid og omsetjing av mål til konsekvensar inn mot IKT og teknologikrav
  • erfaring med arkitekturarbeid i verksemder med komplekst og/eller stort systemlandskap
  • erfaring med rammeverk og verktøy innanfor IKT-styring og verksemdsarkitektur (TOGAF m. fl.)
  • erfaring frå bruk av nasjonale felleskomponentar og felles IT-arkitektur i offentleg sektor er ein fordel
  • interesse og oversikt over trendar i IKT-verda

Det er ein føresetnad at du har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Profesjonell, framtidsretta og inkluderande er verdiane til Statens vegvesen. Dette skal farge både organisasjonen og medarbeidarane. Forutan fagleg tyngde vil vi derfor leggje vekt på at du

  • er sjølvstendig, initiativrik og har evne til å arbeide strukturert
  • samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe tverrfagleg  
  • har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane
  • er flink til å analysere og gjere gode og rasjonelle vurderingar 

Om du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenker nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønsker å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

Introduksjonsprogram og fadderordning

  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll
  • Godt arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg som ligg fint til ved Alnaelva på Bryn i Oslo, med gode høve til å nytte offentleg kommunikasjon
  • Lønn blir avtalt nærmare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad:

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Berit Lundanes, tlf. 913 44 911, e-post: berit.lundanes@vegvesen.no.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi vil tilpasse arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger