Vil du vere vår rådgjevar ved anskaffingar og kontraktshandtering innanfor bygg og anlegg?

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

NVE sitt arbeid med sikringstiltak mot flaum- og skredhendingar er organisert i seks einingar; fem regionale einingar og seksjon for sikring. Denne stillinga sorterer under seksjon for sikring. Sikringstiltak utgjer ein stor og viktig del av det forebyggande arbeidet mot flaum- og skredhendingar. Seksjon for sikring har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet. Vi kjøper stadig meir komplekse tenester og bygge- og anleggsarbeid, og vi må førebu oss på auka innsats framover. Vi treng difor å styrke oss i høve anskaffingar og kontraktshandtering innanfor bygg- og anlegg.

Vi treng deg som kan gi råd og rettleiing innan fagområdet, og ta ansvar for kontinuerleg utviklingsarbeid av prosessen rundt anskaffingar innanfor bygg og anlegg. Vi treng vidare at du som rådgjevar kan delta i planlegging, gjennomføring og oppfølging av anskaffingar. Du vil delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag og kontraktsdokument, og du vil bidra inn i evaluering av tilbod og forhandlingar med leverandørar. Du vil få høve til å påverke utviklinga innan fagfeltet her i NVE.

Du vil vere ein viktig bidragsytar inn i arbeidet med leverandør- og kontraktsoppfølging. Det betyr m.a. å etablere og implementere rutinar, og skape forståing for rollar og ansvar i den praktiske gjennomføringa av kontrakten. Ein viktig del av stillinga vil vere å ha god dialog og tett samarbeid med NVE sine regionkontor og delta i oppfølging av konkrete prosjekt. Kontraktsoppfølging heng tett saman med resten av prosessen med anskaffingar. Du vil arbeide tett saman med vår innkjøpsavdeling og gi støtte inn i relevante anskaffingar med erfaringar og innspel frå kontraktsforvaltninga.

Dette er ei nyoppretta stilling som er etterspurt i organisasjonen. Hjå oss vil du få høve til å påverke, du vil få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande anskaffingar og oppfølging av kontraktar innanfor bygg- og anlegg. Kontorstad vil vere i Oslo eller ved eit av NVEs regionkontor enten i Tønsberg eller Førde.

Arbeidsoppgaver

  • Rådgjevar ved anskaffingar og kontraktshandtering innanfor vår bygge- og anleggsverksemd. NS 3420 er sentralt i dette.
  • Delta i arbeidet med kvalitetsstyring særleg retta mot anskaffingar, inkludert leiing av internt prosessteam
  • Bidra inn i arbeidet med styringsdokument innanfor fagområdet anskaffingar og kontraktshandtering, herunder støtte implementering og bruk av nytt prosjektoppfølgingsverktøy
  • Vere ansvarleg for formalitetane og søknad om sentral godkjenning for NVE
  • Bistand og støtte til prosjektleiarar ved NVE sine regionkontor, men også mot andre seksjonar/einingar i NVE
  • Dette er ei ny stilling som må finne sin form i takt med utfordringar vi står ovanfor, og andre arbeidsoppgåver kan difor kome til
  • Det må påreknast noko reiseaktivitet, om lag 30 reisedøgn i året

Ønskede kvalifikasjoner

  • Sivilingeniør/ingeniør på minimum bachelor nivå innafor bygg og anlegg, ev. tilsvarande relevant utdanning/fagkombinasjon på nivå med sivilingeniør/ingeniør
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om høgare utdanning
  • Relevant arbeidserfaring med anskaffingar, kontraktshandtering innafor bygg og anleggskontraktar osb. Det vil vere ein fordel med erfaring frå offentlege anskaffingar.
  • Du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk
  • Fysikk til å kunne ferdast i terrenget og på byggeplass
  • Førarkort klasse B

Ynskjeleg/gagneleg:

  • God kjennskap til entreprenør- og konsulentbransjen
  • Erfaring frå oppsett av tilbodsgrunnlag etter NS3420 og handtering av kontraktar med grunnlag i denne
  • Byggeleiar- og/eller prosjektleiarerfaring
  • Kjennskap til relevant lov- og regelverk
  • Erfaring frå arbeid med sentral godkjenning
  • Generell IT-kompetanse

Personlige egenskaper

  • Du samarbeider godt med andre
  • Du er føretaksom, tek initiativ og arbeider effektivt/systematisk
  • Du utnyttar eigen kunnskap til å medverke til utvikling av rutinar og system i NVE
  • Du er omgjengeleg og god på kommunikasjon
  • Du fungerer godt både sjølvstendig og i team
  • Det vert lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse
  • Du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
  • Seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
  • Du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
  • Mulegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
  • Stillinga vert lønna innan spennet kr 520.000 - kr 800.000 pr. år i stillingskode overingeniør/senioringeniør ev. rådgjevar/seniorrådgjevar (1087/1181 ev 1434/1364). For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.

Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.

Kontaktpersoner

Eirik Traae
Sjefingeniør
Telefonnummer: 91 62 70 20
Kathrine Berg Nilsen
HR-kontakt
Telefonnummer: +47 413 32 165
Siss-May Edvardsen
Seksjonssjef
Telefonnummer: +47 952 90 114

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i NVE kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger