Vil du vere med å forme statlege eigedommar for framtida? Vi søkjer arkitektfagleg rådgivar

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Seksjon for arkitektur har 11 medarbeidarar med kompetanse innanfor alle arkitekturfaga. Arkitekturseksjonen bidrar til moglegheitsstudiar og konseptval, speler ei vesentleg rolle i programmering av Statsbygg sine prosjekt, og følger opp gjennom prosjektering, bygging og forvaltning. Statsbygg sine eigedomar og prosjekt ligg både i naturlandskap og kulturmiljø, i Noreg og i utlandet. Arkitekturseksjonen er plassert i fagleg ressurssenter, som er Statsbyggs avdeling for rådgiving til Statsbygg sine byggeprosjekt, utviklingsprosjekt og eigedomsforvaltning innanfor arkitektur, bygg, vvs,elektro, bygningsøkonomi, jus og kulturminne.   Vil du vere med på å forme nokon av dei mest spennande byggeprosjektene i Noreg? No er det ledig ei heiltidsstilling innanfor arkitektur. 

Arbeidsoppgaver

  • Generell arkitektfagleg bistand i dei ulike fasane i byggeprosjekta, medrekna vere rådgivar på arkitektonisk kvalitet og universell utforming
  • Programmering, medrekna utarbeide rom-, funksjons- og byggeprogram i nært samarbeid med brukarar og tverrfaglege team.
  • Utarbeide beskriving av funksjonskrav og arkitektfaglege føringar i konkurransegrunnlaga
  • Utarbeide og kvalitetssikre arealberekningar
  • Bidra i anskaffing og oppfølging av eksterne arkitektfaglege rådgivarar
  • Bidra til funksjonsanalysar, moglegheitsstudiar og konseptval i tidlegfasen av byggeprosjekta
  • Bidra til innovasjon og optimalisering innan standardisering, arealberekningar og programmering
  • Følge opp prosjekt gjennom prosjektering til gjennomføring

Ønskede kvalifikasjoner

  • Mastergrad innan arkitektur eller tilsvarande formalkompetanse
  • Erfaring med brukarprosessar, rom- og funksjonsprogrammering og byggeprogrammering
  • Erfaring med arealberekningar
  • Relevant erfaring med tverrfagleg prosjektering
  • Kjennskap til relevante IKT-verktøy, medrekna dRofus og BIM
  • Ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg miljøprosjektering og transformasjon, og erfaring med leiing av programmeringsprosessar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og trivst med å jobbe i tverrfaglege team
  • Initiativtakar som kan sjå nye løysingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og å leie prosessar
  • Effektiv, strukturert og leveranseorientert 

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit hyggeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Store faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Vere med på utvikling av statleg bygge- og eigedomsnæring og arbeid med nokre av dei mest spennande byggeprosjekta i Noreg
  • Moderne og aktivitetsbasert arbeidsplass midt i Oslo sentrum med godt kollektivtransporttilbod og innandørs sykkelparkering, fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons-, forsikrings- og bustadlånsordningar
  • Stillinga blir lønt som overarkitekt eller seniorarkitekt avhengig av kvalifikasjonar, for tida kr. 530 000 - kr. 750.000. For særskilt godt kvalifiserte kan høgare lønn bli vurdert

Kontaktpersoner

Hedvig Witsø
avdelingsdirektør
Telefonnummer: 99522070

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger