Vil du vere med å "bygge" den nye Kinn kommune?

Prosjektleiar bygg og anleggsverksemd

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 21. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Beskrivelse

Flora og Vågsøy skal slå seg saman til Kinn kommune 01.01.2020. Den nye kommunen vil få ca. 18 000 innbyggjarar. Kommunane ligg heilt ute ved havet med Norges vestlegaste byar, Måløy og Florø. Naturen som omgjev oss er stor og stolt, frå hav til fjell med fantastiske turmoglegheiter. I desse dagar er det i gang eit omfattande arbeid for å planlegge m.a. organiseringa av den nye kommune.   Flora bygg og eigedom forvaltar og driftar i dag Flora kommune sine formålsbygg og opptrer som grunneigar på vegne av kommunen. Tenesta disponerer 34 årsverk som har ansvar for utvikling, utbygging, drift, vedlikehald og reinhald av formålsbygga. Kommunen har store utbyggingsoppgåver i tida framover, m.a. nytt administrasjonsbygg, utviding av Brandsøy skule, ny fleirbrukshall ved barneskolen. For å kunne gjennomføre vedtekne byggeplanar, treng vi å styrke kapasiteten og søker etter Prosjektleiar bygg og anleggsverksemd Kinn kommune.

Arbeidsoppgaver

  • Planlegge og utvikle tenesta sin oppdragsportefølgje, herunder utarbeiding av prosjekt-løysingar og anbodsgrunnlag.
  • Gjennomføre kontraktstingingar og inngå kontrakter med konsulentar, entreprenørar og leverandører.
  • Ivareta ein effektiv gjennomføring av prosjekt/oppdrag, - og ha kontroll med kvalitetsmåla og økonomi i prosjekta.
  • Ha kontakt med brukarar og leverandørar, - og ivareta endringsregimet i kontraktar.
  • Kjøp og investeringar i samsvar med prosjekta sine krav og målsettingar.
  • Budsjettering og rapportering iht prosjekta sin framdrift og gjennomføring.

Krav til kompetanse

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Arkitekt / Siv.ing. med relevant fagkrets innanfor bygg- og anleggsverksemd.
  • God og relevant praksis frå bygg, anlegg og eigedomsprosjekt, minimum 5 år.
  • God kjennskap til og kontaktar innanfor byggherre-, rådgjevar- og entreprenørsida.
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevner.
  • Kjennskap til regelverket for offentlege anskaffelsar og erfaring med utarbeiding av kontrakter.
  • Gjerne kjennskap til entreprise-/kontraktsrett. 
  • Ha god kunnskap om krav og regelverk for byggrealisering, HMS-arbeid og kvalitetssikring.
  • Ha god IT-kompetanse og beherske ulike DAK- og BIM verktøy innanfor byggfaga.
  • Du har leia større prosjekt på vegne av byggherre, leverandør eller som konsulent, - og har ønske om å fortsette di faglege utvikling innan bygg- og eigedomsforvaltning.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Som prosjektleiar er du strukturert, ein aktiv pådrivar og god relasjonsbyggar.

  • Du må evne og jobbe strategisk og langsiktig, og ha god oversikt.
  • Du må være tydeleg og god på samarbeid og samhandling, samt sjå og forstå heile planlegging- og gjennomføringsprosessen.
  • Du er tilgjengeleg og ha evne til å involvere medarbeidarar og dele informasjon.
  • Du er ein jordnær person som trivast både på kontoret og ute på anlegga. 

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb innan utvikling, planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt
  • Gode moglegheiter for personleg utvikling
  • Fleksitid
  • Konkurransedyktig lønn 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fast jobb i 100%
  • Kommunane er IA-verksemd, og vil legge forholda til rette for søkarar med redusert funksjonsevne
  • Eit godt arbeidsmiljø

Kontaktpersoner

Vidar Vårdal
Telefonnummer: (47) 957 54 051

Hvem er Flora kommune?

Flora Kommune har 12.000 innbyggarar og ligg sentralt på kysten av Sogn og Fjordane, og er eit viktig kommunikasjons- og servicesenter. Kommunen er prega av vekst og utvikling . Her ligg base for offshore-næringa på kysten, skipsverft og marine næringar som er viktig for veksten.

Kommuneadministrasjonen ligg i Florø. Frå Florø Lufthamn går det direkteruter til Oslo (50 min.), Bergen (30 min.). Florø har daglege avgangar med hurtigbåt til Bergen (3 timars reisetid) og anløp av Hurtigruta.