Vil du jobbe som landmålar i Statens vegvesen?

Stillingsbeskrivelse

På eigedomsseksjonen i Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som landmålar med kontorstad i Leikanger. Eigedomsseksjonen har ansvaret for grunnerverv og landmåling i Statens vegvesen. Seksjonen har om lag 60 medarbeidarar og har kontorstad i Stavanger, Haugesund, Bergen og Leikanger. Om lag 25 medarbeidarar har landmåling som hovudoppgåve.

 

Arbeidsoppgåver:

Du vil få utfordrande, varierte og sjølvstendige oppgåver innan landmåling. Aktuelle oppgåver er eigedomsmåling, utstikking, måling av terrengmodell og grunnlagsnett og kontrollmåling. Eigedomsmåling inneber også gjennomføring og styring av oppmålingsforretning etter matrikkellova. I tillegg vil det verte arbeid med å ivareta Statens vegvesen sine eigedomsinteresser i delingssaker og andre nabotilhøve.

 

Kvalifikasjonskrav:

I utgangspunktet vil vi ha søkarar med 3-årig utdanning får universitet-/høgskule innan fagområdet.  For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Det er ønskjeleg med erfaring innan landmåling, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søke

Du må ha førarkort for personbil kl. B.

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Odd-Sverre Johansen

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere stillinger