Vil du jobbe med Trafikkteknikk og signalanlegg i Stavanger?

Trafikkplanleggar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 08. april, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

I Statens vegvesen Region vest ved Plan og forvaltningsseksjonen i Stavanger, har vi ledig stilling som trafikkplanleggar/saksansvarleg for signalanlegg.

Seksjonen står for planlegging av riks-/og fylkesvegprosjekter på alle plannivå i Sør-Rogaland. I tillegg har seksjonen fagkompetanse og oppgåveansvar innanfor kollektiv-, gang- og sykkeltiltak, miljøtiltak og trafikksikringsarbeid. Vi utfører skiltvedtak, gir uttalar til kommunale arealplanar og forvaltar vegnettet etter Vegloven. 

Vi er 23 engasjerte og dyktige medarbeidarar med brei fagleg bakgrunn. Vi ønskjer nå å styrke oss med ein trafikkplanleggar som har erfaring med og er interessert i trafikkteknikk og -avvikling i bynære områder.

Arbeidsoppgåver

Statens vegvesen har ansvar for at planlegging skjer med omtanke for menneske og miljø, samstundes som vi skal sikre at trafikantar skal komme trygt og effektivt fram. Trafikkstyring og sikker trafikk­avvikkling er viktige element i denne samanhengen, og vi har et stort spekter av arbeidsoppgåver innanfor fagfeltet. Du vil samarbeide med andre fagpersoner innenfor etaten og være en viktig pådriver for trafikkplanlegging på avdelingen.

Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:

  • Fagansvar for trafikksignalanlegg utifrå trafikkavvikkling
  • Trafikkavvikling og trafikkstyring i storbyområdet
  • Rådgiving og kvalitetssikring i planprosjekt
  • Drift og programmering av eksisterande signalanlegg
  • Saksbehandling

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, fortrinnsvis teknisk grad
  • Minimum 3 års erfaring innanfor arbeid med planlegging av signalanlegg og trafikkstyring i by.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er vidare ynskjeleg at du har

  • Erfaring frå prosjektarbeid i planfase
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å kunne tenke strategisk

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

 Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 
  • Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Kontaktpersoner

Irene Hegre
Telefonnummer: 51 91 15 69

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger