Vil du arbeide med vegoppmerking?

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen Region har ledig stilling som formerkar for vegoppmerking. Stillinga er knytt til den regionale byggherrepoolen f.t ved vegseksjon Bergensområdet. 

Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegane i Bergen og sju andre kommunar. Vi er i dag om lag 60 tilsette og har kontorstad i Bergen sentrum.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Maskinell og manuell merking av posisjon og kode etter dekkelegging/re-asfaltering på riks – og fylkesveger
  • Drift/reparasjon av vegoppmerking på riks –og fylkesveg i Hordaland i eigne kontraktar
  • Siktkontroll og kontroll av merkelinjer
  • Koordinering og oppfølging av entreprenørenes arbeider gjennom vegmerkesesongen
  • Syte for at oppmerkinga følgjer gjeldande regelverk
  • Måling og kontroll av høgde i tunnelar
  • Oppdatere NVDB register og delta i planlegginga av vegoppmerkinga
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS

Ønska bakgrunn og kvalifikasjonar:

Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år.  For søkjarar med to-årig teknisk fagskule og med sterk og allsidig praksis frå fagområdet, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ein fordel om du har praksis og kjennskap til regelverket om vegoppmerking, og har erfaring med arbeid på veg, trafikkavvikling, arbeidsvarsling m.v. Gjerne også med god kjennskap om vegnettet i fylket. Du må og kunne køyre bil med formerkepåbygg.

Då arbeidsområdet er heile Hordaland fylke må du pårekne ein del  reiseverksemd. I merkesesong vil det også kunne vere nattarbeid. 

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Praktiske og løysningorienterte tilnærmingar og vurderingar
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevne
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Harald Arne Midtun
Prosjektleiar/faggruppeleiar
Telefonnummer: 91749247

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger