Vil du arbeide med tilsyn av trafikkskular i Bergen?

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen har ei viktig rolle som tilsynsorgan ovanfor trafikkskular, bilverkstader og kontrollorgan for å auke trafikktryggleiken, samt å sikre at konkurransen skjer på like vilkår og at forbrukarane sine rettar vert ivaretekne.

Tilsynseksjonen ved Trafikant- og køyretøyavdelinga i Region vest har no behov for ein dyktig fagperson til arbeidet med godkjenning og tilsyn med trafikkskular i den nordlege delen av regionen.

Kontorstaden er Bergen, men ein må i noko grad utføre arbeid i heile regionen og difor pårekne ein del reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver

Er du den rette for stillinga kan vil tilby varierte og spanande arbeidsoppgåver. Oppgåvene vil hovudsak vere godkjenning og tilsyn med trafikkskular. Ei viktig oppgåve innanfor tilsynsarbeidet er å gje informasjon og rettleiing til trafikkskulane. I stillinga inngår også oppgåver knytt til den faglige utviklinga av tilsynsmetodikken.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå fagområdet og gode personlege eigenskapar, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
  • Du må erfaring som trafikklærar og det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring som fagleg leiar. Det vil vere ein fordel med kompetanse for tyngre køyretøy eller MC, i tillegg til erfaring frå revisjonsarbeid/kvalitetsarbeid.
  • Du må min. ha førarkort klasse B.

Vi ynskjer at du

  • Kan arbeide systematisk og strukturert
  • Har analytiske evner
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er god til å kommunisere, både skriftleg og munnleg
  • Har pågangsmot og godt humør 
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Erlend Loftesnes Røysum
Seksjonsleder
Telefonnummer: 9587004

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger