Vikariat Risiko-ingeniør

Stillingsbeskrivelse

Ledig vikariat som Risiko-ingeniør ved Komplekse konstruksjonar

Risiko-gruppa er ei spesialistgruppe som skal ivareta SVV sitt kompetansebehov innan fagområda risiko og RAMS for bruer og andre komplekse konstruksjonar. Gruppa er ansvarleg for analysering, vurdering og styring av risiko og framskaffing av grunnlag for design av konstruksjonar (ulykkeslaster) og planlegging av utbyggingsprosjekt.

Det er i dag tre personar tilknytt gruppa, som ligger under Komplekse konstruksjonar på Fagressurser Utbygging, Utbygging.

Arbeidet vil blant anna omfatte risikovurderingar knytta til ulykkeslaster frå til dømes skipsstøt, brann og andre farar, risikostyring og RAMS-vurderingar.

Seksjonen har eitt ledig vikariatet med oppstart snarast og ut august 2021.

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vera
  • Gjennomføring og oppfølging av risikoanalysar(frekvens- og konsekvensanalysar), inkludert vurdering av risiko og risikoreduserande tiltak
  • Identifikasjon, vurdering og oppfølging av risiko og tiltak i risikoregister
  • Gjennomføring og oppfølging av analyser og prosesser relatert til RAMS
  • Utvikling og implementering av metodikk og prosesser relatert til risiko, deriblant risikobasert design,  risikostyring og RAMS
  • Dialog med samarbeidande bedrifter, universitetet og andre interessentar
  • Prosjektoppfølging av pågåande prosjekt
Kvalifikasjonskrav
  • Master eller høgare utdanning (PhD) som risikoingeniør, evt. strukturingeniør, mariningeniør maskiningeniør eller liknande med erfaring eller tilleggskompetanse innan risiko
  • Har erfaring med gjennomføring av risikoanalysar, gjerne knytt til marin risiko eller konstruksjonsrisiko
  • Fordel med erfaring knytta til bru eller vegplanlegger
  • Du er sjølvgåande og liker å jobbe sjølvstendig og saman med andre
  • Du må beherske engelsk og norsk
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Ynskjer å vite meir om vikariatet, ta kontakt med seksjonsleiar Mathias Egeland Eidem på mobil 92213446.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger