Vi treng ein utviklingsorientert medarbeidar med interesse innan tilsyn og kontrollområdet!

Medarbeider innen ANPR

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 22. april, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om seksjonen

Seksjon for tilsyn og kontroll i Vegdirektoratet treng ein engasjert og dyktig medarbeidar til utfordrande utviklingsoppgåver. Vi har ledig ei fast stilling med arbeidsstad på Brynseng i Oslo.

Seksjon for tilsyn og kontroll har ansvar for utvikling og forvaltning av regelverk knytt til tilsyn og utekontroll innan trafikant- og kjøretøyområdet, og for utvikling av IKT-system for ivaretaking av fagområdet. Vi arbeider tverrfagleg med juristar, ingeniørar og pedagogar.

Ansvar og arbeidsoppgåver for stillinga

  • Ansvar for utvikling av fagsystemet ANPR (Automatic Number Plate Recognition) i samarbeid med interne fag- og utviklingsmiljø, og med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Fagleg oppfølging av offentleg anskaffing knytt til fagsystemet ANPR
  • Delta i utgreiingar og regelverksutvikling innan tilsyns- og kontrollområdet
  • Utforme retningslinjer for tilsyns- og kontrollpersonell i Statens vegvesen
  • Kontakt med andre etatar, organisasjonar og Statens vegvesen sine regionar
  • Delta i utvikling av seksjonen sine øvrige IKT-baserte kontrollverktøy

Det kan kome endringar i ansvars- og arbeidsområde

Kvalifikasjonskrav

Du bør ha relevant universitets- eller høgskuleutdanning (minimum 3 år). God praksiserfaring kan veie opp for formell utdanning. Det er ein fordel at du har minimum 5 års yrkeserfaring, IKT-spesifikk kompetanse og kjennskap til forvaltning, offentleg anskaffing og personvern.

Arbeidsoppgåvene krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på

  • evne til effektiv kommunikasjon og konstruktivt samarbeid
  • evne til analyse og vurdering, faglig ekspertise
  • høg gjennomføringsevne og god kvalitet i leveransane
  • at du samarbeider godt med andre og trivast med å jobbe tverrfagleg

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid

Vi tilbyr og desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsstudiar og høve til fagleg påfyll

Generell informasjon

Løn vert avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Henning Harsem på tlf. 905 25 397.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 22. april 2018.

Har du spørsmål knytta til  utfyllingen av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hjå Jobbnorge på epost: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 20.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger