Vi tar ansvar for sjøvegen

Prosjektleiar - Senter for utbygging

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Senter for utbygging i Kabelvåg har i dag 19 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i havner og farleier i heile landet. Du får ansvar for å leie planprosessar, samt leie prosjekt innanfor gjevne rammer for tid, økonomi og kvalitet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing, samt kvalitetssikring og HMS. Du får mykje kontakt med entreprenørar, kommunar og andre offentlege etatar.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide hovudplan for utbyggingsprosjekt.Utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt over og under terskelverdi.
  • Utlyse og gjennomføre anskaffingar av rådgjevar- og entreprenørkontraktar.
  • Prosjektleiing og kontraktsoppfølging av hamne- og farleistiltak i gjennomføringsfase.
  • Deltaking i prosjekt- og arbeidsgrupper.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga.
  • Arbeidsstad er for tida Kystverket Nordland, Senter for utbygging, Finnesv.14, 8310 Kabelvåg.

Kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
  • Søkar bør ha minimum 5 års relevant erfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt.
  • Søkar bør ha relevant praksis frå rådgjevingskontor, entreprenørverksemd , offentleg etat eller privat verksemd.
  • Det er ønskelig med erfaring innan, kontraktsoppfølging, geoteknikk og konstruksjonar i maritimt miljø.
  • Det er nødvendig med førarkort for bil.     
  • Stillinga inneber noko reiseverksemd. 
  • Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Sjølvstendig med evne til å ta initiativ.
  • Gode evner til kontaktskaping.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne.
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg. 

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Kystverket er ei IA-bedrift.
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten.
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga vert avlønna i st.kode 1181 som senioringeniør iht. Kystverkets lønnspolitiske plan. Startlønn frå kr 565 500 (ltr 64), til kr 713 600 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. 
  • Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss.

Kontaktpersoner

Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør
Telefonnummer: 957 91 777
Jostein Bøhlerengen Moe
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 995 79 002

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.