Vi søkjer tre geoteknikarar til vår geo- og skredseksjon ved Ressursavdelinga

Geoteknikar

Stillingsbeskrivelse

Geoteknikarar i Stavanger og Bergen

Vi søkjer tre geoteknikarar til vår geo- og skredseksjon ved Ressursavdelinga i Region vest. To av stillingane vil ha kontorstad i Stavanger og ei stilling i Bergen. Seksjonen har i dag 28 medarbeidarar, derav 9 geoteknikar og 2 grunnboringslag og vi løyser oppgåver i fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. 

Seksjonen har m.a ansvar for å utføre geotekniske grunnundersøkingar med bruk av eigne boreriggar, samt geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving . Våre geologar og geoteknikarar er etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring.

Arbeidsoppgåver

Du skal drive geoteknisk prosjektering knytt til vegar, tunnelar og bruer, både i plan-, utføring- og driftsfasen. Du skal også gjennom strukturert og sjølvstendig arbeid planlegge og følgje opp grunnboringar i felt. Du styrer prosessen sjølv og trekker inn andre sin kompetanse der det trengs.

Aktuelle oppgåver:

  • Ansvar for å planlegge og følgje opp grunnundersøkingar
  • Stabilitet, setningar og oppbygging av vegfyllingar
  • Stabilitet og sikringstiltak for vegskjeringar
  • Fundamentering av konstruksjonar
  • Dimensjonering av tørrmurar
  • Peleberekningar
  • Anleggskontroll
  • Bistå ved akutte skredhendingar på veg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, på master - /hovudfagsnivå, innan fagområde geoteknikk.
  • Du må ha gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.
  • Det er naudsynt med førarkort kl. B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Dette vil vi vektlegge

  • Relevant praksis og erfaring frå dei aktuelle arbeidsoppgåvene, men nyutdanna kan og søkje
  • Fagleg interesse og engasjement
  • Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomført
  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Husk å skrive i søknaden om du ynskjer Stavanger eller Bergen.

Kontaktpersoner

Stein Olav Njøs
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (47) 576 55 896

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger