Vi søkjer lærling til eigedommane våre i Volda og Ørsta 

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

No har du sjansen til ei innhaldsrik læretid hos ein av dei viktigaste aktørane i Noreg i bygge- og eigedomsnæringa.

Som byggdriftarlærling i Statsbygg vil du bli ein del av eit dyktig driftsteam med godt og spennande arbeidsmiljø. Statsbygg søkjer ein lærling til Volda.

Du vil ha base ved Høgskulen i Volda som er blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Høgskulen er kjend for medieutdanninga og den tradisjonelle lærarutdanninga si. Du vil i tillegg til Høgskulen vere med å drifte Møre og Romsdal tingrett (Volda) og Ørsta Trafikkstasjon.

Læretida vil vere 2,5 til 3 år, avhengig av talet på fullførte år på vidaregåande skole. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i byggdriftarfaget med yrkestittel byggdriftar. Som lærling blir du tilbydd ei spennande og innhaldsrik læretid i Statsbygg på ulike eigedommar.

Vi ønsker endå fleire kvinner til å arbeide med drift og vedlikehald i Statsbygg, og kvinner blir derfor oppfordra til å søkje.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene vil følge ein opplæringsplan, og det vil etter kvart bli stilt krav til at du jobbar meir sjølvstendig.

Ved å drifte og vedlikehalde Statsbygg sine eigedommar får du opplæring i blant anna:

  • tekniske installasjonar og styring og overvaking med SD-anlegg
  • miljøvennleg drift, ENØK-tiltak og energiovervaking
  • vedlikehaldsplanar og gjennomføring av vedlikehaldstiltak
  • FDV-system og FDV-dokumentasjon
  • internkontroll og HMS for eigedomsdrift
  • samarbeid og kommunikasjon med leigetakarar og leverandørar

Ønskede kvalifikasjoner

  • Fullført Vg1 Bygg og anleggsteknikk
  • Fullført Vg2 Bygg og anleggsteknikk er å føretrekke
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Søkjarar som berre har fullført Vg1 Bygg og anleggsteknikk, vil få læretid på 3 år. Søkjarar som i tillegg har fullført Vg2, vil få ei læretid på 2,5 år.

Personlige egenskaper

  • Ansvarsbevisst
  • Lærevillig og motivert 
  • Serviceinnstilt og samarbeidsvillig

Vi tilbyr

Etter særavtale om avlønning av lærlingar i staten, blir du lønt i % av lønnstrinn 29, for tida kr 359 100,- per år etter følgande lønnsstige (ved 2,5 års læretid): 1. halvår 30 %, 2. halvår 40 %, 3. halvår 45 %, 4. halvår 55 % og 5. halvår 80 % av kr 359 100,- pr år. Etter særavtalen vil ein ved tre års læretid ikkje få lønn første halvår.

Vi tilbyr i tillegg eit godt og variert fagmiljø, kunnig rettleiing i heile læreperioden og samarbeid med andre lærlingar. I tillegg vil du delta på samlingar for alle Statsbygg sine byggdriftarlærlingar og får høve til å ta del i lærlingnettverket til OK stat (www.okstat.no).

Kontaktpersoner

Julija Jurin
områdedirektør
Telefonnummer: 40 020 964
Ola Vegard Sæter
underdirektør
Telefonnummer: 975 52 712

Hvem er Statsbygg?

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.

Les mer om Statsbygg og se flere ledige stillinger