Vi søkjer erfarne ingeniørar til spennande oppgåver innan fleire fagdisiplinar

Ingeniør/sivilingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 14. oktober, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Zenit Engineering skal bidra til å auka konkurranseevna for kundane våre ved effektiv tilgang på kompetanseressursar innan tekniske fagdisiplinar og tenester. Industrien stiller høge krav til design, konstruksjon og funksjon. Våre tilsette er kvalifiserte ingeniørar med høg fagleg kompetanse innan mekanisk design, konstruksjon, struktur og tekniske løysingar.

Vi ynskjer å styrkje kompetansen vår innan fleire disiplinar og vi søkjer etter fleire kollegaer. Vi søkjer deg som er løysingsorientert og trivst med å arbeida sjølvstendig i ulike og hektiske miljø.

Har du bakgrunn som ingeniør eller sivilingeniør innan følgjande fagområde:

  • Maskin, Prosjektleiing, Røyr, Prosess, VVS/HVAC og/eller Bygg

Arbeidsoppgåver vil omfatta:

  • Konstruksjon, design, analyse, berekning prosjektering, feltbefaring, disiplinansvar
  • Prosjektleiing i alle fasar

Du må følgjande kvalifikasjonar:

  • Bachelor eller Master innan nevnte disiplinar
  • Kompetanse med nødvendig programvare ihht disiplin
  • Minst 7 års erfaring frå industri
  • Kan sikkerhetsklarerast
  • Snakkar flytande norsk
  • God engelsk munnleg og skriftleg

Vi ser etter deg som:

  • Tek ansvar og har fokus på gode leveransar
  • Har høg lojalitet til fristar og kvalitetskrav
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar og evne til å jobba tverrfagleg
  • Har evne til å arbeida sjølvstendig og er initiativrik
  • God haldning til HMS

Vi kan tilby:

  • Varierte og utviklande oppgåver
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kontorstad Husnes, Odda eller hos kunde

Ser dette interessant ut?

Send oss cv og søknad snarast!

For søknad eller spørsmål, kontakt Dagleg leiar, Bente Marie Sjo, Tlf 96 01 59 54. E-post: bms@zenit.no

Kontaktpersoner

Bente Marie Sjo
Dagleg leiar
E-postadresse: bms@zenit.no
Telefonnummer: +47 960 15 954

Hvem er Zenit Engineering?

Zenit Engineering er leverandør av studiar, gjennomføring av tekniske og mekaniske løysingar og total entreprisar. Kundane våre er innan segmenta smelteverk, landbasert industri, oppdrettsnæring, bygg og anlegg, maritim sektor, offshore og kraftindustri.

Zenit Engineering vart etablert i 2000 som eit frittståande konsulentfirma innan skips- og maskinteknikk. Vi har etablert oss i eige kontorbygg i Husnes sentrum. I Odda og Drammen er vi etablert med avdelingskontor.

Mange års erfaring frå ulike kundar og disiplinar gjev ingeniørane våre ei svært god erfaring som vi heile tida utviklar og tek med oss vidare.  Ingeniørane våre bidrar til nye teknologiske løysingar og sikrar teknologiske system som allereie finns i dag.