Vi søker etter teknisk sjef!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 21. mai, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Nye Kinn kommune søker etter:

Teknisk sjef, valfri kontorstad

  • Ein leiar som skal ta i vare og utvikle viktige funksjonar i lokalsamfunnet som vegar, vatn, avløp, grønstruktur m.m. Herunder syte for ei forsvarleg vakt og beredskapsordning for heile kommunen.
  • Ansvar for gjennomføring av prosjekt innanfor fagområdet
  • Ansvar for økonomisk og administrativ leiing av tenesta
  • Teknisk sjef vil inngå i leiargruppa til tenesteområde for samfunn, kultur og miljø. Det blir forventa at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder.
  • Vere kommunen si "stemme" mot lokalsamfunnet innanfor ansvarsområdet
  • Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd
  • Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.

Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen
  • Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane
  • Evne skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar
  • God forståing for økonomistyring
  • Utgreiingserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utvikling- og resultatorientert
  • Analytisk og har gjennomføringsevne
  • Lagspelar med fagleg forståing innanfor ansvarsområdet
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
  • Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.

Vi kan tilby:

  • Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar

Kontaktpersoner

Rolf Bjarne Sund
Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø
Telefonnummer: 917 10 500

Hvem er Nye Kinn Kommune?

Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.

Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Tenesta for tekniske tenester vil få over 30 årsverk, og dei tilsette i tenesta vil ha kontorstad/arbeidsstad i både Måløy og Florø.