Verksemdsleiar, Plan, byggesak og geodata

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 13. oktober, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.

Verksemd for Plan, byggesak og geodata er en del av kommunalområdet Miljø-, by- og stadutvikling i Nye Ålesund kommune. Verksemda er organisert i fem avdelingar, med plan, byggesak, landbruk, geodata og eigedomsdata/oppmåling, og vil få om lag 55 tilsette. Verksemda vil ha medarbeidarar med kompletterande kompetanse, mellom anna sivilarkitektar, sivilingeniørar, landskapsarkitektar, juristar, samfunnsplanleggjarar, teknikarar og ingeniørar. Medarbeidarane vil være lokalisert i Ålesund og Brattvåg, kontorstad for verksemdsleiar vil vere Ålesund.
 
Verksemdsleiar vil ha ei viktig rolle i samordning og utvikling av desse sentrale tenesteområda for innbyggjarar og næringsliv i den nye kommunen. I tillegg vil verksemda vere ein viktig aktør i utvikling og gjennomføring av smartby-strategiar og -konsept, der byregionen Ålesund har tatt ei leiarrolle som ein aktiv deltakar i FN sitt smartby-nettverk. Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef og er med i leiargruppa for kommunalområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for løpande drift og vidareutvikling av verksemdsområdet.
  • Lede og utvikle verksemda i samsvar med kommunen sine satsingsområde.
  • Overordna økonomi-, personal- og fagansvar for verksemdsområdet.
  • Legge til rette for ein god dialog med innbyggjarar, næringsliv og akademia.
  • Stimulere til tverrfagleg samarbeid og legge til rette for samhandling på tvers av kommunalområdet sine verksemder og avdelingar.
  • Inspirere og motivere sine medarbeidarar.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå, til dømes sivilingeniør, sivilarkitekt, jurist eller tilsvarande.
  • Utdanning på bachelornivå med brei leiarerfaring frå relevante fagfelt kan bli vurdert.
  • Relevant erfaring frå leiing av offentlege eller private verksemd.
  • Interesse for og kunnskap om verksemda sine fagområde, digitalisering og smartby-teknologi.      

Personlege eigenskapar

  • God på strategiske prosessar og ser moglegheiter til å utvikle verksemdsområdet.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre tiltak.
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
  • Gode samarbeidseigenskapar, med evne til å inspirere og motivere.
  • Positiv, engasjert, strukturert og analytisk.         

Vi tilbyr

Som vår nye verksemdsleiar får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, og vere med å forme verksemdsområdet Plan, byggesak og geodata i nye Ålesund kommune med fokus på mellom anna berekraft, digitale løysingar og samhandling til det beste for alle i den nye kommunen.

Stillinga har konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktpersoner

Frode Helland
Assisterande kommunalsjef
Telefonnummer: 908 88 460
Ole Andreas Søvik
Kommunalsjef
Telefonnummer: 70 16 26 21

Hvem er Ålesund kommune?

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå 01. januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.