Vegteknolog

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

I Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som vegteknolog, med kontorstad  i Stavanger.  

Ei av seksjonen si hovudoppgåver er å bistå prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging. Vi utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk. Seksjonen har nye sertifiserte analyselaboratorium både i Bergen og Stavanger.

Stillinga er knytt til Lab- og Vegteknologiseksjonen på Ressursavdelinga i Region vest. Seksjonen har i dag 16 medarbeidarar, fordelt på kontor i Bergen og Stavanger.

Det må reknast med ein del reiseverksemd, då arbeidsoppgåvene vil vera i heile regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Dimensjonering av vegoverbygning
  • Oppfølging av entreprenøren sin eigenkontroll
  • Utføre stikkprøvekontroll og komprimeringskontrollar av konstruksjonar og materialar i vegoverbygning
  • Dokumentasjon av materialkvaliteten i vegfundamentet
  • Rådgjeving i samband med strekningsvise forsterkningsjobbar og materialbruk i vegoverbygning
  • Rådgjeving om korleis ein skal ta vare på vegkapitalen på ein optimal måte
  • Rådgjeving i samband med drenering og teleproblematikk
  • Rådgjeving og oppfølging i samband med planlegging og bygging av nye utbyggingsprosjekt, og drift og vedlikehald
  • Delta i fag og byggemøter etter behov

Kvalifikasjonar

  • Min. 3 års utdanning frå universitet eller høgskule, innan fagområdet
  • Lengre erfaring frå tilsvarande arbeid, ev. bygg/geologi
  • Førarkort klasse B, ønskeleg med BE
  • Gode IT kunnskapar

Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt, set vi krav til gode norskkunnskapar og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.

Vi ønskjer resultatorienterte personar som arbeidar strukturert og kommuniserer godt. Det er viktig at du trivst med å jobbe med data som arbeidsverktøy. Vi ser etter deg som er sjølvstendig og samstundes god på tverrfagleg samarbeid.

Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du er med på å påverke samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 
  • Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør medca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Kontaktpersoner

Iris Hackelberg
seksjonsleiar
Telefonnummer: 977 99 423

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger