Vegplanlegger

Stillingsbeskrivelse

Om seksjonen

Prosjekteringsseksjonen er ein del av ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest og har som hovudoppgåve å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag for vegar, gater og tunnelar ved eigenprosjektering eller ved bruk av konsulentar.

Vi ynskjer å styrke vår kompetanse innan vegprosjektering, og søkjer ein ny medarbeidarar til vårt kontor i Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektering av veg, gate og tunnel
  • Utarbeiding av anbodsdokument
  • Prosjekteringsleiing
  • Oppfølging i byggefase
  • Engasjere og styre konsulentoppdrag

Du vil få ansvar for å prosjektere og utarbeide konkurransegrunnlag innanfor ditt fagområde. Dette inneber utarbeiding av modellar og teikningar, samt anbodsbeskrivelse for innhenting av tilbod frå entreprenørar.

I arbeidet inngår også prosjektering av drenering, skilt og oppmerking m.m.

Kvalifikasjonskrav og ønska bakgrunn:

  • Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.
  • Ønskeleg med erfaring innan prosjektering av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna om å søkje.
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av relevante dataverktøy (autocad, novapoint m.fl) og at du har BIM-kompetanse (modellbasert prosjektering)
  • Det er naudsynt med førarkort kl. B.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområder og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

I tillegg legg vi vekt på:

Vi ser etter deg som har eit stort fagleg engasjement og som set kunnkapsdeling høgt. Då vi i stor grad arbeider oppdragsbasert er det særs viktig at du har gode gjennomførings - og leveranseevner, er flink til å samarbeide og har evne til å organisere dine oppgåver på ein sjølvstendig  og strukturert måte. Du må ha gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Annet

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Kontaktperson: Om du ønsker meir informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Annicke Bergh Monsen, tlf. 55516523/922 37 372

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger