Vegplanleggar/planprosjektleiar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 19. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved planseksjonen i Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som vegplanleggar.Planprosjektleiing kan også bli lagt til stillinga.

Planseksjonen utfører veg-, gate- og tunnelplanlegging. Vi arbeider på store og små prosjekt i regionen. Av dei store kan nemnast E16 frå Arna til Stanghelle og E39 Ringveg øst og E39 nord i Åsane. Vi arbeider også med sykkelprosjekt og mindre prosjekt i byområde. Arbeidet blir gjort  eigen regi eller ved bruk av konsulentar.

På planseksjonen i Bergen er vi 31 medarbeidarar mellom anna innan fagområda prosjektleiing, veg, landskap, naturmangfald og kulturminne. Kontorstaden har også regionen si kompetanseeining innan transportanalyse.

Arbeidsoppgåver

  • Vegplanlegging
  • Kommuneplanlegging og reguleringsplanlegging
  • Engasjere og styre konsulent
  • Eventuelt styring av planprosjekt og sakshandsaming etter plan- og bygningslova
  • Konsekvensutgreiingar  
  • Yte intern faglig bistand
  • Kvalifikasjonskrav og bakgrunn
  • Utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagretning, min. 3 år. For kandidatar med sterk allsidig praksis frå aktuelle fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Vi søkjer deg som har erfaring frå fagområda arealplanlegging og planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar og det er ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • Du må ha førarkort kl. B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi ynskjer at du

  • Er faglig engasjert
  • Er mål – og resultatorientert
  • Kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • Er god til å samarbeide med andre
  • Er analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar
  • Er flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
  • Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.

Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:  

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Wilhelm Lund
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (47) 55516743

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger