Være med å digitalisere ein av dei største byggherrane i regionen?

DAK- og FDV-ingeniør

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

På vegne av Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer vi ein

DAK- og FDV-ingeniør med prosjekterfaring
- som også er ein racer på Revit

Ved Eigedomsavdelinga til UiB ser vi verdien av å kunne ha oppdaterte digitale modellar for å understøtte våre kvalitative krav. Med ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2 ønskjer UiB å nyttiggjere seg teknologien og utnytte det fulle potensialet som ligg i å administrere bygningsmassen gjennom bygningsinformasjonsmodellering. Du vil få arbeide med alt frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Arbeids- og ansvarsområde

Ved Eigedomsavdelinga, Fagstøtte og stab satsar vi og søkjer ein fast 100 % stilling som DAK og- FDV-ingeniør. Stillinga inngår i FDV-gruppa ved seksjonen og rapporterer til gruppeleiar.

Vi ser for oss at du har erfaring frå 3D modellering i Revit, og brei prosjekterfaring frå store byggeprosjekt. Arbeidsoppgåvene vil variere frå vedlikehald av eksisterande modeller og teikningar, til å delta i oppstart og prosjekteringsmøter med rådgivarar og entreprenørar for disiplinane DAK og-FDV. Du vil bidra med å vidareutvikle Eigedomsavdelinga innan digitalisering og effektivisering av tekniske tenester.

  • Prosjektstøtte mot rådgjevarar og entreprenørar
  • Oppfølging av DAK og FDVU krav i prosjekt
  • Sørge for at prosjekterande har forstått UiB sine krav i tidleg fase
  • Utvikle UiB sin BIM strategi
  • Gje opplæring i bruk av BIM til driftspersonell og prosjektleiarar
  • Utvikling av manualar
  • Ivareta og systematisk jobbe med UiB sitt bygg- og driftsforvaltingssystem
  • Vedlikehald av teikningsarkivet og modeller (2D og 3D)
  • Klargjering av teikningar for FM database
  • Teikne eller modellere mindre endringar og endringsforslag i byggeprosjekt
  • Utvikle og bidra med digitalisering av Eigedomsavdelinga sine tenester

Ønska kompetanse og personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som evnar å arbeide sjølvstendig, slik at du prioriterer oppgåver riktig og er leveransedyktig. Med mange involverte i prosjekta treng vi også høg grad av serviceinnstilling. Vi ønskjer at du har både evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima på avdelinga. Vår draum av ein kollega er du som i tillegg er initiativrik, løysingsorientert, strukturert og systematisk.

  • Erfaring i og kunnskap om Revit
  • Utdanning minimum tilsvarande bachelor innan bygg eller tekniske fag. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
  • Generelt gode datakunnskapar

Vi ser det som ein fordel at søkjar har erfaring i bruk av Revit frå store prosjekt, samt meistrar AutoCad og Solibri godt.

Som vår kollega vil du få:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Energisk arbeidsmiljø, stor kontaktflate mot kollegaer og brukarar
  • Samarbeid med avdelinga sine einingar og eksterne leverandørar
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilsetjing i stilling som overingeniør / senioringeniør i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgre lønn.
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Deltaking i nasjonal FDV-gruppe

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass:

Eiendomsavdelingen som arbeidsplass | Eiendomsavdelingen | UiB

Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med ein av våre rådgivarar i Jefferson Wells: Anette Hansen, mob. +47 900 80 079 eller Torill Eidsheim, mob. +47 993 25 710

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til: Gruppeleiar FDVU Svein Langvad, mobil +47 970 70 905, e-post: svein.langvad@uib.no

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?

Kontaktpersoner

Anette Hansen
Leder rekruttering Sør-Vest , Jefferson Wells
Svein Langvad
Gruppeleiar FDVU
E-postadresse: svein.langvad@uib.no
Torill Eidsheim
Seniorrådgiver, Jefferson Wells

Hvem er Universitetet i Bergen?

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Fagstøtte og Stab leverer spesialisttenester og administrative tenester til avdelinga. Fagstøtte leverer tenester innan ENØK-rådgiving, innkjøp/anskaffelser, vedlikehaldsplanlegging, sikkerheit, FDVU-systemet/teikningsdatabase. Seksjonen har i dag 13 stillingar, samt to lærlingar.