VA-konsulent / byggeleiar

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som VA-konsulent / byggeleiar. Stillinga høyrer til avdeling for teknisk drift, fortrinnsvis faggruppe vatn og avløp. Avdeling for teknisk drift har ansvar for veg, vatn og avløp, samt forvalting og vedlikehald av kommunal eigedom.

Arbeidsoppgåver

Stilllingen vil omfatta delprosjektering, samt oppsyn med utbygging og drift av kommunaltekniske vass- og avløpsanlegg. I stillinga kan det på sikt bli aktuelt med personalansvar for faggruppa veg, vatn og avløp.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har relevant utdanning og kompetanse innan fortrinnsvis VA. Du bør ha grunnleggande forståing av anleggs- og produksjonsteknikk som:
  • Lover og reglar innanfor byggesaksdelen i Plan og bygningslova
  • Godt kunnskapsnivå innanfor anleggs- og VA-teknikk
  • Kunnskap om ledningsmateriale og utstyr på ledningsnettet
  • Beregning og prosjektering av ledningsanlegg for vatn og avløp
  • Kunnskap om søknadsprosedyrer og regelverk som må fylgjast innanfor fagområdet
  • I tillegg ynskjer vi at du har:
    • god evne til planlegging og resultatoppnåing
    • kjennskap til lov om offentlege anskaffelsar
    • gode IKT-kunnskapar
    • god skriftleg framstillingsevne
    • gode samarbeidsevne
    • kreativitet og serviceinnstilling

Vi tilbyr

  • Utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Positive og flinke medarbeidarar
  • Konkurransedyktig lønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktpersoner

Ellen Petrine Fretheim
Leiar for teknisk drift
Mobil: 900 11 770

Hvem er Øystre Slidre kommune?

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vil stå ferdig i 2020. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.