Utviklar / Prosjektleiar

Stillingsbeskrivelse

Ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen, er det ledig ei fast stilling som utviklar (stillingskode 1113 prosjektleiar). For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1434 rådgjevar bli vurdert.

Stillinga er ved Senter for nye medier, som er ein del av Fellesadministrasjonen, Seksjon for forskning og ekstern samhandling.

Senter for nye medier er høgskulens kompetansesenter for bruk av nye medium i undervising, forsking og formidling. Senteret har 12 fast tilsette og held til på campus Kronstad i Bergen.

 

Ansvars- og arbeidsområde:

Vi ønskjer høgt kvalifiserte søkjarar med omfattande relevant praksis og/eller spesialkompetanse innan utvikling av webbaserte løysingar og mobilapplikasjonar. Du har interesse for arbeid i skjeringspunktet mellom brukarar og formidling, rådgjeving og teknisk utvikling. Stillinga krev stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing.

Den som vert tilsett vil arbeide med:

  • Web-, app- og multimedieutvikling

  • Konseptutvikling av innovative digitale løysingar

  • Prosjektarbeid - prosjektutvikling, -styring og -leiing

 

Kvalifikasjonskrav:

Det krevst utdanning på minst bachelornivå. Søkjarar bør ha relevant fagadministrativ erfaring og kompetanse.

Som utviklar vil du bidra i alle fasar i aktuelle prosjekt i senterets portefølje. Frå utvikling til gjennomføring og formidling av resultat. Stillinga vil krevje gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og at du evnar å setja deg raskt inn i nye område og teknologiar.

Stillinga krev relevant erfaring med og/eller dokumentert kompetanse på ein eller fleire av desse områda:

  • Programmeringsspråk for web og mobil, som HTML5, CSS3 og JavaScript

  • 3D multimedieteknologi og -design
  • VR, AR, AI og 360-teknologi
  • Publiseringsverktøy som WordPress og liknande
  • Interaksjonsdesign, mobilt design, universell og responsiv design

  • Erfaring med teamarbeid og SMIDIG utviklingsmetode (SCRUM eller liknande)

  • Gode kunnskapar i bokmål og nynorsk og særs god skriftleg framstillingsevne

 

Lønsvilkår

Stillinga vert løna etter lønsregulativet i staten, stillingskode 1113 prosjektleiar, årsløn frå 474 700 - 527 500 NOK.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtalar som gjeld for stillinga. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endring i stillinga sine ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, og tilsette med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål.

Opplysingar om søkjarar kan verte offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på lista over søkjarar. Om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Heimeside

Kontaktpersoner

Morten Morlandstø
Senterleiar
Telefonnummer: 55 58 79 16

Hvem er Høgskulen på Vestlandet?

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.