Utbyggingssjef for kampflybaseprosjektet på Evenes

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 23. april, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Forsvarsbygg leverer eigedom, bygg og anlegg til forsvarssektoren. Her styrast og leiast investeringsprosessen frå tidlegfase til overlevering av ferdige bygg og anlegg. Forsvarsbygg driv strategisk rådgjeving, under dette alternativstudiar, konsept- og prosjektutvikling. Byggje- og rehabiliteringsprosjekta spenner breitt frå bustad- og kontorbygg til nasjonal helikopterbase og bygging av ny kampflybase. Forsvarsbygg står for utbygging og investeringar for 2-3 mrd. kroner per år. 

Forsvarsbygg søkjer ein utbyggingssjef til utbygginga av Evenes flystasjon. Utbyggingssjefen vil vere ansvarleg for samtlege prosjekt i seksjonen. Vedkomande vil ha resultat- og personalansvar. Stillinga rapporterer til prosjektdirektør Forsvarsbygg kampflybase. 

Arbeidsstad vil vere Evenes, men kan også vere andre lokasjonar i Forsvarsbygg. Det må reknast med betydeleg reiseverksemd til Oslo og Evenes. Arbeidssted Evenes i prosjektets levetid, men etter dette ved en av Forsvarsbyggs andre lokasjoner. 

Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø prega av å vere tverrfagleg, ha mangfald og likestilling, og søkjer difor ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin. 

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven – jamfør spesielt § 25 i Offentlighetsloven. Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og metodisk ansvar for samtlege prosjekt i seksjonen
  • Initiere og ha ansvar for gode prosessar i alle fasar av prosjekta og ta hand om fortløpande forbetringsarbeid Ansvar for at prosjekta utførast effektivt, med god kvalitet og innanfor rammer og føringar som er gjevne i Forsvarsbygg og i lover og forskrifter.
  • Kundedialog og samhandling med oppdragsgjevar, brukar og andre organisatoriske einingar i Forsvarsbygg Ansvar for godt samspel og kommunikasjon mellom alle involverte aktørar i prosjekta sine ulike fasar Hjelpe med kunnskaps- og erfaringsoverføring i Forsvarsbygg
  • Ansvar for dokumentsenter- og kontorhotellfasilitetar for personell som skal jobbe på lokasjonen
  • Resultat- og personalansvar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå.
  • Ønskeleg med relevant utdanning på masternivå.Fortrinnsvis innan EBA/leiing/økonomi/juridisk/teknisk. Lang relevant arbeidserfaring kan i spesielle tilfelle kompensere for manglande formell utdanning på masternivå.
  • Relevant leiarerfaring
  • Relevant erfaring frå bygg, anlegg og eigedomsnæringa
  • Relevant erfaring innan prosjektleiing og anna prosessleiing
  • Ønskeleg med innsikt i offentleg forvaltning og god kjennskap til forsvarssektoren
  • Ønskeleg med erfaring frå endringsprosessar og forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar
  • Forståing for komplekse prosessar og organisasjonar
  • Initiativ og gjennomføringsevne
  • Analytisk og strategisk
  • Resultatorientert

Vi tilbyr

  • Løn som seksjonssjef (kode 1211) frå kr. 882 900 til kr. 1 056 300. Høgare løn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkarar.
  • Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
  • Bedriftsidrettslag med breitt tilbod av aktivitetar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Meiningsfullt samfunnsoppdrag

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Om lag 100 reisedagar

Kontaktpersoner

Olaf Dobloug
Prosjektdirektør

Hvem er Forsvarsbygg?

Forsvarsbygg er et statlig forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utvikler, bygger, drifter og avhender eiendom for forsvarssektoren. 

I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre deler av offentlig sektor innenfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eiendomsporteføljen vi forvalter, inneholder mange av de mest særegne og krevende bygg i landet: fra de 15 festningene som er tilgjengelige for allmenheten, til militærleirer, skyte- og øvingsfelt og flystasjoner for Forsvaret. Vi har hovedkontor i Oslo med lokasjoner over hele landet, deriblant Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Forsvarsbygg har som målsetting at vårt arbeidsmiljø skal preges av tverrfaglighet, mangfold og likestilling. Vi ønsker derfor en virksomhet hvor ansattes alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ønsker å knytte til oss nye medarbeidere som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlige og faglige kompetanse.

Les mer om Forsvarsbygg og se flere ledige stillinger