Universitetsdirektør - Universitetet i Bergen

Stillingsbeskrivelse

Gjennom sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal UiB medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med på å skape framtida for samfunnet?

Vi tilbyr ei utfordrande og spanande toppleiarstilling ved ein av dei viktigaste institusjonane i landet.

UiB søkjer ny universitetsdirektør

Vi søkjer etter ein samlande og tydeleg leiar med sterkt engasjement for kunnskap i samfunnet. Du har evna til å inspirere, lytte og byggje relasjonar på tvers i organisasjonen. Du er utviklingsorientert, samstundes som du er oppteken av å byggje vidare og skape kontinuitet.

Universitetet i Bergen har todelt leiing og universitetsdirektøren er den øvste leiaren for den samla administrative verksemda ved institusjonen. Universitetsdirektøren skal iverksetje og følgje opp vedtaka som universitetsstyret har gjort. Direktøren har ansvar for forvalting av økonomi og formue, for personalpolitikk, bygg og eigedom, for utøving av eigarskap i selskap der universitetet representerer staten og for å leggje til rette for samspel og dialog med fagleg leiing på alle nivå i organisasjonen. Universitetsdirektøren rapporterer til universitetsstyret og i einskilde saker til rektor.

Stillinga krev

  • utdanning på masternivå eller tilsvarande
  • erfaring frå leiing på toppnivå, gjerne frå kunnskapsinstitusjonar
  • erfaring med internasjonal verksemd
  • forståing for innovasjon, forsking og utdanning
  • erfaring frå strategi og organisasjonsutvikling
  • god munnlig og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det vil bli lagt stor vekt på leiareigenskapar og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Åremålsstilling for seks år som direktør
  • Løn i tilsettingsperioden i høve til Statens leiarlønskontrakt
  • Ei leiarstilling innafor eit viktig samfunnsområde
  • Stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein viktig utdannings- og forskingsinstitusjon
  • Godt arbeidsmiljø med topp fagleg kompetanse og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

 Generell informasjon

Utfyllande opplysingar om stillinga kan du få ved å kontakte Experis Executive ved seniorrådgivar Anette Hansen tlf. 900 80 079/ seniorrådgivar Marthe Tønder Borchgrevink tlf. 93 44 29 24 eller rektor ved UIB Dag Rune Olsen tlf. 930 85 881.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ein balansert alders- og kjønnssamansetting. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga. Opplysingar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli halden utanom søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Søknad skjer via Jobbnorge. Meir informasjon om tilsettingsprosessen finner du på nettsidene våre.

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege sentre. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøgda, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Kontaktpersoner

Anette Hansen
Telefonnummer: 90080079
Dag Rune Olsen
Rektor ved UIB
Mobil: 930 85 881
Marthe Tønder Borchgrevink
Telefonnummer: 934 42 924

Hvem er Experis?

Experis er Norges største konsulent- og rekrutteringsselskap med over 500 konsulenter. Vi tilbyr høyt kvalifiserte konsulenter, rekruttering og prosjektløsninger innen it, ingeniørfag og økonomi. Experis Executive rekrutterer toppledere og nøkkelpersoner innen privat og offentlig sektor. Blant våre kunder finner du over 90 % av Norges største børsnoterte selskaper. Experis er en del av ManpowerGroup og er kåret til et av verdens mest etiske selskaper.

Les mer om Experis og se flere ledige stillinger