Transportanalyse/databehandling - vikariat

Stillingsbeskrivelse

Vil du være med å påverke samfunnsutviklinga? Er du interessert i samferdsel og korleis transport er med å forme samfunnet? Då må du søke jobb hos oss! Her får du sjansen til å bruke kunnskapen din i viktige planprosessar.

Det faglege ansvaret for transportanalyse, samfunnsøkonomi, nautiske risikoanalyser og geodatatjenester i Kystverket er lagt til Senter for Transportplanlegging, Plan og Utredning (TPU), som er ein del av Kystverket Sørøst, Arendal. Arbeidet med transport- og trafikkanalyser er ein føresetnad for å gjennomføre samfunnsøkonomiske analyser og risikoanalyser. Dette medfører uttrekk og handtering av store datamengder frå fleire datakjelder. Rådata må dessutan bearbeidast for analyse- eller for presentasjonsføremål.

Det skal snarast tilsetjast ein medarbeider i vikariat. Vikariatet er venta å vare til 31.desember 2018, men kan bli forlenga.

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i transportfaglege utredningar og analyser
  • Utarbeide transport- og trafikkanalyser
  • Være med å utvikle system for uttrekk og handtering av store datamengder
  • Bidra i arbeid med innhenting av data, statistikk og prognoser for godstransport, trafikkutvikling, ulykker, energibruk, miljøeffekt, mm.

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innanfor geomatikk / matematikk / informatikk / statistikk (minimum bachelornivå)
  • Programmeringskunnskap frå t.d. Python, PostgreSQL , Linux, Javascript, SQL
  • Erfaring frå handtering av store datamengder samt kjennskap til STATA eller andre statistikkverktøy
  • Erfaring frå transport- eller samferdsels-planlegging, med vekt på trafikkanalyse, og erfaring frå prosjektarbeid og prosjektledelse vil bli vektlagt
  • Kunnskap om og interesse for samferdselssektoren
  • Evne til å sjå heile bildet, og å være ein objektiv fagleg ressurs

 

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Informatikk
  • Samfunnsfag
  • Økonomi

  

Eigenskapar

  • Nysgjerrig og glad i utfordringar
  • Likar å sette seg inn i nye tema og problemstillingar
  • Må kunne jobbe med fleire oppgaver samtidig
  • Like å arbeide i team
  • Tar ansvar for eige arbeid (sjølvstendig og strukturert)
  • Trivast med å formidle resultat

 

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit godt og til tider hektisk arbeidsmiljø med interessante arbeidsoppgåver
  • Sjølvstendige oppgåver med stort fagleg ansvar
  • Stillingane er plassert i kode 1434 rådgivar / kode 1364 seniorrådgivar med lønn i tråd med statens lønnsregulativ, brutto kr 466.500,- til kr 569.000,-. For spesielt godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

 

Vi oppfordrar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søkje stillinga

Kontaktpersoner

Thor Vartdal
Avdelingsleder
Øystein Linnestad
Seniorrådgiver SØA

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.