Trafikkteknikk/Trafikksikkerheit

Stillingsbeskrivelse

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling innan fagområde Trafikkteknikk/trafikksikkerheit ved seksjon Plan og Forvaltning, Haugesund. Seksjonen har hovudansvar for planlegging av vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, tiltak for universell utforming og ulike miljø- og forvaltningsoppgåver for riks- og fylkesvegnettet Nord Rogaland.

 

Arbeidsoppgåver:

Oppgåvene vil mellom anna omfatte:

  • Trafikkteknikk 
  • STRAKS-registeret 
  • Trafikksikkerheitsplanar, TS-tiltak, ulykkes analyser, TS-revisjon 
  • Saksbehandling 
  • Fartsgrenser 
  • Signalregulering 
  • ATK-drift (Automatisk trafikkontroll) 
  • Belysning

 

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år.
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eller annan relevant utdanning, og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Førekort for bil kl. B.

 

Vi vektlegg: 

  • Relevant erfaring og kompetanse innan fagområde trafikksikkerheit/trafikkteknikk. 
  • Evne til god kommunikasjon og samhandling både internt og eksternt 
  • Generelt gode datakunnskapar 
  • At du er initiativrik og jobbar sjølvstendig og systematisk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr òg desse goda  

  • Introduksjonsprogram og fadderordning  
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering  
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse  
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
  • Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere stillinger