Trafikkoperatør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 08. september, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillingen

Kan du bli den dyktige trafikkoperatøren for styring, overvaking og informasjon på vår Vegtrafikksentral? 

På grunn av auka arbeidsmengde treng vi å styrke laget vårt med dyktige fagpersonar ved vår operative beredskapseining; Vegtrafikksentralen. 

Stillinga inneber styring- og overvaking av vegnettet og vegtrafikken og veg og trafikkinformasjon til , Du evner å oppdage situasjonar, ta imot og formidle informasjon om kva som hender på vegane, loggføre og setje i gong tiltak etter gjeldande prosedyrar. Geografisk ansvarsområde er fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vegtrafikksentralen har pt 3- skifts turnusplan med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene er styring- og overvaking av vegnettet, vegtrafikken og miljøet rundt vegnettet. Ved hendingar skal VTS ta ansvar og setje i gong naudsynte tiltak. Dette inneber utstrakt bruk av dataverkty herunder fjernstyring av tekniske installasjonar og handsaming av tekniske alarmar i vårt scadasystem. I tillegg er ei viktig arbeidsoppgåve å ta imot og formidle veg- og trafikkinformasjon, loggføring og distribusjon av veg- og føremeldingar, nytte ulike medier for formidling samt å betene publikumstelefonen 175. 

Ved særskilde hendingar, som mellom anna trafikkulukker, vil ein trafikkoperatør arbeide med mange oppgåver og kunne ha eit høgt stressnivå,men framleis evne å vurdere situasjonar ut frå eit tryggleiksperspektiv. Dette krev tett samarbeid med kollegaer, politi og andre redningsetatar, entreprenørar og byggherrer, og samt utstrakt kommunikasjonsarbeid med mellom anna mediekontakt. Du vil også yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av veg -og veginstallasjonar.

Kvalifikasjonskrav

Denne gang ønskjer vi søkare min. 2 -årig utdanning frå universitet, høgskule eller teknisk fagskole innan aktuelle fagretningar som t.d: tekniske fag eller operativ utdanning. Har du relevant praksis frå desse fagretningane, ev. etterutdanning, erfaring frå stillingar med relevant operativt-/beslutningsansvar og gode personlege føresetnader,kan kravet til høgare utdanning fråvikast. 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no). 

Du må ha gode tekniske ferdigheiter i bruk av dataverkty, kartverkty og forståing for veg og trafikk. Evne til å gje konsise meldingar på norsk og engelsk, og god skriftleg formuleringsevne på norsk, er vesentleg for m.a. mottak av publikumstelefonar, handtering av presse, loggføring og handtering av særskilde hendingar. Arbeidet krev at du har god hørsel, godt syn (medrekna fargesyn) og ingen sjukdomar som kan gje anfall (epilepsi, sukkersyke). Du må stette krav til tryggleiksklarering nivå «begrensa», og minimum ha førarkort kl. B.

Dei som trivst og lukkast i stillinga

Styrer og overvaker vegnettet proaktivt i tett kontakt med publikum og kollegaer med bruk av naudsynt teknisk utstyr. Dei får energi av å omstille seg raskt for å ta ansvar for stressituasjonar som tidvis oppstår, dei handlar sjølvstendig, er tryggingsorientert, arbeidar metodisk, ser moglege konsekvensar av hendingar, tek beslutningar og kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner.Våre trafikkoperatørar har svært ulik bakgrunn fra ulike typar overvaknings/kontrollromsoppgåver og operativt arbeid. Til dømes har vi operatører med bakgrunn fra politiet, olje og gass-næringa og maritim sektor. 

Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. I denne stillinga vert det gjeve tillegg for ukvem arbeidstid i samsvar med gjeldande avtaleverk. 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid. 

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Søknad

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering. 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Cecilie Bakke Johannessen
Seksjonsleiar
Telefonnummer: 55 51 65 57
Lene Westrheim
Faggruppeleiar
Telefonnummer: 984 15 913

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger