Trafikant faggruppeleiar Bergen

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. august, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

4 ledige stillingar som faggruppeleiar for følgjande områder der arbeidsstad blir på ein av desse stadane:

  • 1 stilling - Haugesund, Stord og Odda
  • 1 stilling - Stavanger
  • 1 stilling - Bergen
  • 1 stilling - Voss, Sogndal, Førde og Nordfjordeid

 

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Avdelinga har vore gjennom ei omorganisering og det er behov for å få inn nye leiarar som kan vere med å ta organisasjonen vidare.

Trafikantseksjonen har i hovudsak ansvar for førarprøvar, kurs og andre aktivitetar retta mot publikum på 10 trafikkstasjonar, frå Egersund i sør til Nordfjordeid i nord.

Ansvarsområder Som faggruppeleiar trafikant rapporterer du til seksjonsleiar og du er ein del av trafikantseksjonen si leiargruppe

 

Oppgåve- og ansvarsområder:

  • Leie det operative arbeidet i eininga
  • Personalansvar for ca. 20 medarbeidarar i eininga
  • Ansvar for faglig oppfølging og utvikling av eininga
  • Mål- og resultatansvar for eininga
  • Kontakt og samarbeid internt og mot eksterne samarbeidsparter

 

Dette ynskjer vi oss

I Statens vegvesen ynskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

 

Kvalifikasjonskrav

Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi ønskjer kandidatar med leiarerfaring og gjennomføringsevne. Du må vere samfunnsorientert, initiativrik og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no ).

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eiga leiarintroduksjonsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

 

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale etter etatens lønnspolitikk, og det trekkas 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.