To VVS-ingeniørar/prosjektleiarar

Stillingsbeskrivelse

Vi ønskjer søkjarar som kan:

  • Ha ansvar for prosjektering av vakuumsanitærinstallasjonar i store og små bygg.
  • Delta i alle faser av prosjektgjennomføringa.
  • Gjennomgå anbodsdokument, gjere kostnadsoverslag og utarbeide tilbod.
  • Handtere teknisk sakshandsaming.
  • Overføre vakuumkompetanse til etablerte konsulentar og opparbeide aksept for vakuum i konsulentbransjen.

 

Eigenskapar vi ser etter:

  • Minimum 5 års erfaring frå bygg- og anleggsbransjen.
  • Rådgjevar- og/eller entreprenørerfaring.
  • Erfaring i bruk av prosjekterings- og DAK-verkty.
  • Teknisk fagskule / VVS-ingeniør (relevant erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse)
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

 

Vi kan tilby:

  • Interessante oppgåver i ei solid vekstbedrift som har mange bein å stå på i globale marknader.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktige betingelsar.
  • Grundig opplæring i vakuumteknologi blir gitt.
  • Noko reiseverksemd må påreknast.

  

Send søknad innan 28. februar 2018 til: Jets Vacuum AS, Myravegen 1, 6060 Hareid eller på e-post til: post@jets.no

 

Kontaktpersoner

Anne Holstad
HR-direktør
E-postadresse: anne.holstad@jets.no
Bjarte Hauge
VP Land & Transport
E-postadresse: bjh@jets.no

Hvem er Jets Vacuum AS?

Jets™ utviklar, produserer og sel vakuumtoalett- og avløpssystem basert på patentert teknologi. Konsernet har solid økonomi og ein årsomsetnad på om lag 400 MNOK. Jets Vacuum AS er driftsselskapet i Jets™ konsernet: 

Divisjon Ship & Offshore arbeider globalt med sal og leveranse av sanitærsystem for alle typar skip, og har i dag halvparten av den maritime verdsmarknaden.

Divisjon Land & Transport arbeider globalt med sal og leveranse av sanitærsystem for m.a. bygg, hytter, tog, supermarknader og mobile anlegg, og har kraftig vekst.

Divisjon Service & Ettermarknad følgjer opp eksisterande kundar på land og sjø med rådgjeving, deleleveransar, vedlikehald, oppgraderingar, reparasjonar og anna bistand.