Tibber søker trainee innan utvikling

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bli trainee 

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek i programmet varierer frå år til år.

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtest alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram fra august 2020 til august 2021.

Trainee i Tibber

Produktet og kundeoppleving er to sider av same sak. Vi bygger ei digital oppleving og vi legg stor vekt på detaljane i opplevinga. Det skal vere enkelt å bruke, lite friksjon og gje brukaren følelsen av: “kvifor har ikkje alle andre gjort dette før?”.

Tibber utviklar heile si plattform sjølv. Vi nyttar Amazon Web services som infrastruktur og byggjer programvare etter prinsippet om micro services. Stikkord om kva teknologiar og verktøy vi nyttar i utvikling av Tibber: .Net Core, Python, Node JS, numerisk matetmatikk, algoritmer og machine learning.

Personlege eigenskapar

  • Du har ei kick-ass haldning
  • Du gir jernet, fordi du diggar programvare som handverk
  • Du seier det du meiner

Tibber kan tilby deg

  • Vestlandets mest spennande arbeidsplass
  • Muligheten til å vere med på eit eventyr
  • Lønn og aksjar/eigarskap i selskapet på same vilkår som investorar har kjøpt seg inn på
  • Ein garanti om hardt arbeid og mykje latter

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Kontaktpersoner

Edgeir
Tibber
E-postadresse: edgeir@tibber.com
Mobil: 994 52 350

Hvem er Framtidsfylket?

Tibber er verdas første heildigitale strømselskap. Vi erstattar det klassiske straumselskapet med ein app, som gjev betre priser, betre kundeoppleving og betre oversikt. I tillegg utviklar vi teknologi for at vanlige heimar kan redusere strømforbruket på ein enkel måte. 

Vår misjon er at folk får kontrollen over energiforbruket i eigen heim. Gjennom smart bruk av teknologi skal vi bidra til at alle heimar kan få straum frå fornybare kjelder og redusere sitt eige energikonsum. Dette skal vi gjere ved å utfordre dei gamle aktørane og tilby heilt nye opplevingar til kundane våre. 

Tibber er i dag eit team på 32 personar, fordelt på Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Selskapet har god finansiering, blant anna gjennom investorar som Petter Stordalen, BKK Spring og legendariske Founders Fund frå Silicon Valley.