Tenesteleiar, Teknisk drift og eigedom

Stillingsbeskrivelse

Vil du bli vår nye leiar i teknisk drift og eigedom i Bykle kommune?

Teknisk drift og eigedom har som ansvarsområde å drifte og vedlikehalde kommunal byggingsmasse, grøntanlegg, veg, vatn og avløp.

Eininga har 29 tilsette fordelt på to avdelingar, Eigedom (bygg, grønt og reinhald) og VVA (veg vatn og anløp). Kvar avdeling har ein fagansvarleg. Tenesteleiar er øvste leiar av eininga og rapporterar direkte til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektørens leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Personal-, økonomi- og fagleg ansvar for teknisk drift og eigedom
  • Dagleg drift og leiing der både eininga, samhandlingsområda og kommunens interesser skal stå i fokus
  • Bidra til bærekraftig utvikling av tenesten
  • Ivareta personalet og sikre organisatorisk utvikling, der arbeidsmiljø, ressursutnytting, kompetanseutvikling og rekruttering er sentrale faktorer
  • Sakshandsaming og oppfølging av planar innan arbeidsområdet
  • Prosjektarbeid/oppfølging
  • Drifte tenestene innanfor gjeldande lov- og regelverk, kommuneplanar og tildelt budsjett

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig ingeniørutdanning med vidareutdanning i leiing
  • Relevant yrkespraksis og erfaring som leiar med personalansvar
  • God norsk, skriftleg- og munnleg, framstillingsevne er ein føresetnad
  • Kunnskap og interesse for bruk av teknologi innan fagområde er ein fordel
  • Må ha førerkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosesser og involvering av medarbeidarar
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Positiv og fleksibel  
    Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeid

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad 

For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% av løn til KLP.                   

Kontaktpersoner

Karina Sloth Grindland
Kommunedirektør
Mobil: 480 08 006

Hvem er Bykle kommune?

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette