Teknolog BIM/digitale verktøy

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Teknologi og utvikling, Utbyggingsdivisjonen, skal bidra med kompetanse innan vegfaga og drive utviklingsretta arbeid med utgangspunkt i prosjekt Ferjefri E39. Eininga har òg standardiserings- og utviklingsoppgåver innan digitale verktøy.

Vi har nå ledig stilling for teknolog innan BIM/digitale verktøy. Arbeidsstad er fortrinnsvis Bergen eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Aktiv bidragsytar til prosjekta
  • Delta i utviklingsarbeid innan fagområdet
  • Bidra til at divisjonen tek i bruk verktøy som kan gje økt nytte og lågare kostnad

Kvalifikasjonskrav

For stillinga krevst det master innan tekniske fag frå universitet eller høgskule, samt bred erfaring innan relevante fagfelt.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Teknologen vil arbeide sjølvstendig og framoverbøygd , samstundes som oppgåvene er godt forankra i prosjektas behov for vidare utvikling. Den rette kandidaten har fokus på korleis digitale verktøy kan bidra til økt nytte og lågare kostnad i Utbyggingsdivisjonen si prosjektportefølje.

Stillinga krev:

  • gode samarbeidsevner
  • god analytisk evne
  •  fleksibel, initiativrik og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • gode kommunikasjonsevner på norsk både skriftleg og munnleg

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa si inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for Teknologi og utvikling, Hanne Hermanrud på mobil 97521615.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger