Teknisk saksbehandlar ved Tilssynsseksjonen

Stillingsbeskrivelse

Tilsynsseksjonen på Trafikant- og køyretøyavdelinga i Region vest søkjer etter ein teknisk saksbehandlar

Statens vegvesen har ei viktig rolle som tilsynsorgan ovanfor trafikkskular, bilverkstader og kontrollorgan for å auke trafikktryggleiken, samt å sikre at konkurransen skjer på like vilkår og at forbrukarane sine rettar vert ivaretekne.

Vi har no behov for ein dyktig fagperson til arbeidet med godkjenning og tilsyn med kontrollorgan og køyretøyverkstader. Kontorstaden er i utgangspunktet Stavanger, men ein må i noko grad utføre arbeid i heile regionen og difor pårekna noko reiseverksemd.

 

Arbeidsoppgåver

Er du den rette kan vi tilby varierte og spanande arbeidsoppgåver. Oppgåvene vil hovudsak vere godkjenning og tilsyn med verkstader/kontrollorgan og stikkprøvekontrollar av periodisk køyretøykontroll (EU-kontroll).  I tillegg vil det kunne bli kontroll av storskadereparasjonar. Ei viktig oppgåve innanfor tilsynsarbeidet er å gi informasjon og rettleiing. I stillinga inngår også oppgåver knytt til den faglige utviklinga av tilsynsmetodikken og kvalitetsarbeid.

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 2 år relevant utdanning innan teknisk/mekaniske fag
  • Søkjer må ha minimum førarkort klasse B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå fagområdet og gode personlege eigenskapar, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Det vil vera ein fordel med

  • erfaring frå bil- og verkstadbransjen
  • kompetanse for tyngre køyretøy
  • erfaring innanfor revisjonsarbeid/kvalitetsarbeid

 

Vi vil leggje vekt på

  • at du kan arbeide systematisk, strukturert og nøyaktig
  • at du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevne
  • at du er god til å kommunisere, både skriftleg og munnleg
  • at du har analytiske eigenskapar
  • at du har pågangsmot og godt humør

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman. Vi gir deg oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr også desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning  
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hjå oss skal spegle befolkninga.

Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Erlend L. Røysum
Telefonnummer: +47 95870045

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere stillinger