Teknisk byggeleiar veg og trafikk RV555 Sotrasambandet

Teknisk byggeleiar veg og trafikk Rv555 Sotrasambandet

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 20. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen, Utbygging, ved prosjekt Rv555 Sotrasambandet, har ledig stilling som teknisk byggjeleiar og søkjer etter ein person med kompetanse innan veg, trafikk og trafikkavvikling til oppfølging av arbeidet på OPS kontrakt, frå tilbod til overlevering.

Kontorstad er Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • evaluering av tilbod i konkurransen fram til kontraktssignering
  • saksbehandle tekniske avklaringar i prosjekteringsfasen
  • kontroll av prosjektering mot handbøker og normalar
  • koordinering mellom prosjektet og andre interne avdelingar, samt tredjepartar
  • oppfølging av vegfaglege forhold i byggefasen
  • sikre at vegtekniske forhold blir ivaretatt opp mot drift og vedlikehold
  • følge opp OPS leverandørens trafikkavviklingsplaner
  • følgje opp grensesnitt mot andre vegeiere og andre myndighetsområder

Kvalifikasjonskrav

  • minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule
  • 3-5 års erfaring frå oppfølging av prosjektering, prosjektarbeid, konstruksjonar, eller anna relevant erfaring
  • erfaring frå arbeid med oppfølging av vegbygging, trafikkavvikling og/eller planlegging av veg og trafikkavvikling
  • erfaring i bruk av tegningsverktøy
  • førarkort klasse B

Vi vektlegg at du

  • er strukturert, initiativrik, løysingsorientert og sjølvgåande
  • har stor arbeidskapasitet, etterretteleg og dyktig på samhandling
  • har gode kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk
  • evner å følge opp entreprenør og rådgivere i detalj

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte prosjektleiar Arve Tjønn Rinde på mobil 93 03 18 74.

Søk stillingen på www.vegvesen.no/jobb

Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 00.

Kontaktpersoner

Arve Tjønn Rinde
Prosjektleiar

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger