Systemutviklar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 25. februar, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

For snarleg tilsetjing har vi ledig ei fast stilling som systemutviklar. Stillinga er lagt til eininga IKT (drift/utvikling), som i dag har 9 årsverk + lærling, og som er ein del av administrasjonen. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til IT-utvikling som både har strategisk og operativt ansvar og er teknisk rådgjevar for tilsynet og overordna departement. Stillinga blir lyst ut som rådgjevar/seniorrådgjevar. 

Utviklingsmiljøet har ansvar for design, utvikling og forvaltning av eigenutvikla register og fagsystem, har ei sentral rolle i digitalisering av tenester og jobbar m.a. med løysingar for automatisering, multidimensjonal analyse, søketeknologi og ulike systemintegrasjonar. Systemutviklinga er prosjektorganisert etter Scrum- metodikken. Dei fleste løysingar blir laga i Java, men vi har og system utvikla i .NET (C#). Spring Framework er kjernerammeverket, både i C# og i Java. Vi brukar elles teknologiar som JUnit, Maven, Jira, Confluence, GIT, Pentaho, Elasticsearch og MSSQL-server.

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta og styre utviklingsprosjekt med design, programmering og test av løysingar.
  • Forvalte og vedlikehalde tekniske system.
  • Samarbeide med interne avdelingar og eksterne leverandørar.
  • Lage tekniske strategiar.
  • Lage it- arkitektur og designe nye system og prosessar.
  • Delta i arbeidsgrupper og prosjekt som teknisk rådgjevar.

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning (minst på bachelor-nivå) innan relevant fagområde.
  • Minst 5 års erfaring innan systemutvikling.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.
  • Erfaring med utvikling i Java.
  • Vi ønskjer å styrke vår kompetanse på testing og webteknologi. Det er difor ein fordel om du har erfaring med TDD, enhet- og integrasjonstesting og webteknologiar som AngularJS, React og generell CSS/HTML.

 

Utdanningsretning og nivå

  • IT
  • Høgskule/Universitet

 

Personlege eigenskapar

  • Vi legg vekt på vilje og initiativ til å ta medansvar for så vel fagleg utvikling som for arbeidsmiljøet, men også at du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Initiativrik, nytenkande og utviklingsorietert.

 

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • nytt og moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

 

Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har seks månaders prøvetid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Kontaktpersoner

Bjørn Morten Øen
Fungerande direktør
Siv Karin Hestad
Seniorrådgjevar HR

Hvem er Lotteri- og stiftelsestilsynet?

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for og kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for vårt arbeid med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsynet med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Tilsynet held til i Førde, og har i dag totalt 73 tilsette.  For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.