Statens vegvesen har ei viktig og sentral rolle i trafikksikkerheitsarbeide

Køyretøykontrollørar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 31. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen har ei viktig og sentral rolle i trafikksikkerheitsarbeidet. For å oppnå høg trafikktryggleik, er kontroll av køyretøy og bilførarar, samt bruken av køyretøy på veg svært viktige tiltak. Trafikant -og køyretøyavdelinga i Region vest har ansvaret for etaten si kontrollverksemd på desse områda. Eit overordna mål for Statens vegvesen er å redusere antal drepne eller hardt skadde i trafikken. For å nå dette målet treng vi medarbeidarar som ynskjer å medverke til auka trafikksikkerheit.

Ved Førde trafikkstasjonane søkjer vi no etter to dyktige medarbeidarar til stilling som køyretøykontrollør. Stillingane er knytt til denne stasjonen, men det kan verte aktuelt å ta kortare oppdrag andre stader i regionen.

Om seksjonen

Køyretøyseksjonen i Region vest er organisert i to faggrupper ut frå ei geografisk inndeling.  Dei ledige stillingane som køyretøykontrollørar er knytt til Faggruppe Kjøretøy 2 som har 23 medarbeidarar lokalisert ved trafikkstasjonane i Bergen, Voss, Sogndal, Førde og Nordfjordeid.

Arbeidsoppgåver

Som køyretøykontrollør skal du gjennomføre kontroll av tunge og lette køyretøy på veg, inkludert kontroll av beltebruk og køyre- og kviletid. Du får også ansvar for sakshandsaming etter gjennomførte kontrollar. Kontrollverksemda til Statens vegvesen gjennomførast til alle tider på døgnet og våre kontrollørar  inngår i ein tredelt turnusplan, med hovudvekt på arbeid på dagtid.

Kontrollarbeidet på veg fører med seg at du må arbeide kveld, natt og helgar. Du må og vere villig til å delta i beredskapsopplegg. Som ein del av opplæringa vil du og få delta på våre interne høgskulekurs innan fagområdet.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

Det bør ha relevant utdanning frå høgskule, minimum 3 år med fagretning innan maskin-/automatisering eller andre relevante ingeniørfag, alternativt tilsvarande relevant utdanning frå teknisk fagskole eller fagbrev som bilmekanikar.

Gode språkkunnskapar og kommunikasjonsevner både munnleg/skriftleg, samt god kjennskap til grunnleggande IKT som arbeidsverktøy.

Førarkort min. klasse B, samt fylle krava for å kunne erverva dei øvrige førarkortklassane. Vandelsattest må kunne framleggas. Praksis frå godkjent verkstad og kjennskap til spesielt tunge køyretøy vil vere ein fordel. Ønskelig med interesse og anlegg for teknologi og fremtidig utvikling på ITS (intelligente transportsystem)feltet.

Vi legg vekt på at du har:

  • Teknisk kompetanse om kjøretøy
  • Erfaring med teknisk saksbehandling
  • Emne til å arbeida sjølvstendig og er flink til å prioritere samtidig som du ser heilskap og samanheng
  • Er positiv, initiativrik og løysningsorientert
  • Samarbeider godt med andre og trivas med å jobbe tverrfaglig
  • Har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane
  • Kunne arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Kontaktperson og søknad

Kontaktperson:

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Siv Hanne Eikestad
Faggruppeleder
Telefonnummer: (+47) 55 51 66 09

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger