Spennande utbygging av infrastruktur på Vestlandet

Prosjektleiar/ingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 25. september, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Gjonnomføring av hovudplan vatn og avløp Myrkdalen

Som prosjektleiar får du vera med på kanskje den mest spennande og interessante utbygginga av infrastruktur på Vestlandet. Voss herad skal i samsvar med vedteken hovudplan for vatn og avløp i Myrkdalen, etablera ny vass- og avløpsforsyning for eit av dei største ski -og hyttesentra på Vestlandet. Utbyggingskostnaden er estimert til om lag. 250 mill. NOK (2019) og vil ferdig utbygt tena inntil 20 000 personekvivalentar.

Prosjektet er planlagt med 5 års varigheit, men kan verta forlenga.

Arbeidsoppgåver

Gjennomføra hovudplan vatn og avløp i Myrkdalen

Prosjektleiar vil få ansvar for gjennomføring av Voss herad si utbygging av VA- infrastruktur i Myrkdalen i tråd med vedteken hovudplan VA. Prosjektet skal arbeida tett saman med administrasjonen i Voss herad og rapportera til kommunalavdeling tekniske tenester ved driftsavdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning (høgskule- eller universitet)
  • Leiarerfaring frå relevante prosjekt med relevant kunnskap om fagområdet.
  • Kjennskap til kommunal forvaltning, her under kunnskap om regelverk for Offentlege anskaffelsar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Lengre, relevant praksis kan vega opp for utdanningskrav

Personlege eigenskapar

  • jobbar strukturert og etter tydelege planar
  • resultatorientert
  • tydeleg som leiar og god på kommunikasjon
  • gir retning og motiverar
  • held hovudet kaldt når det stormar
  • er engasjert med "stå på"-vilje

Søkjarar må kunna snakka norsk og skriva nynorsk.

Me tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontaktpersoner

Bjarne Løne
Telefonnummer: +47 950 86 772
Torbjørg Austrud
kommunalsjef
Telefonnummer: +47 918 74 200

Hvem er Voss kommune?

Det er lett å bu og trivast på Voss, for i tillegg til å eta smalahove eller hoppa i fallskjerm, har me mykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad har slått seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet har om lag 15 800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.