Spennande jobb ledig i Nordfjord

Kommunalsjef Samfunnsutvikling

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 22. mai, 2022. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Stryn kommune har valt å samle tekniske tenester, plan, kart og oppmåling, næring og beredskap under felles leiing. Dette for å samordne og forenkle tenestetilbodet. Vi søker difor etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen i samhandling med ulike samfunnsaktørar.

Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe som skal følge opp politiske og administrative avgjerder. Kommunalsjefen skal vere med å utvikle kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle. 

Kommunalsjefen har også det overordna fag- og økonomiansvaret for etaten. 

Stryn kommune er kjend for dei innovative og utviklingsorienterte verksemdene, og dei mange og aktive frivillege laga og organisasjonane. 

Velkomen som kollega i ein av Norge sine beste kommunar å bu i, med naturopplevingar som Briksdalsbreen, Lodalen, Loen skylift innan kort avstand.

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med å koordinere og utvikle tilsette og arbeidsprosessane i etaten
  • Som deltakar i leiargruppa påvirke og sikre at organisasjonen når sine mål 
  • Samhandling med samfunnsaktørar 

Overordna budsjett-/økonomistyring og ansvar for følgjande tenesteområde:  

  • Planarbeid
    • Dekker fagområda overordna plan, regulering og  byggesak, folkehelse, miljø og bærekraft. 
  • Kommunalteknikk
    • Har ansvar for drift og vedlikehald, anlegg, vegar, idrett og grøntområde, vatn, avløp og utbyggingsprosjekt.
  • Kart- og oppmåling
    • Har ansvar for gjennomføring av kart- og oppmålingsforretningar, ajourhald av kartbasar, eigedomsskatt og sal av kommunale bustadtomter m.m. 
  • Næring/verksemd
    • Har ansvar for oppfølging av strategisk næringsplan og næringsinitiativ, stadsutvikling, utadretta fokus på samfunnsutvikling i samarbeid med ulike verksemder, lag og organisasjonar
  • Brann og beredskap
    • Har ansvar for førebyggande arbeid, t.d. tilsyn av større bygg - § 13 tilsyn, og feiing / tilsyn av bustadhus. I tillegg kjem beredskapsarbeid som t.d utrykningar til brann, trafikkuhell, helseoppdrag og  utarbeiding av beredskaps-  og innsatsplanar.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Leiarutdanning og brei leiarerfaring med konkrete resultat innan organisasjonsutvikling  
  • Personlege eigenskapar
  • Gode leiareigenskapar  
  • Gode samarbeids- og relasjonsevner
  • Evne og vilje til å lytte, fatte beslutningar og handle
  • God og tydeleg kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Evne til strategisk planlegging og fagleg samordning 

Vi tilbyr

  • Muligheit til å påverke utviklinga i ein kommune prega av høg innovasjons- og utviklingsgrad
  • Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø 
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglement
  • Løn etter avtale

Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Her finn du alle ledige stillingar i Stryn kommune

https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Ny i Stryn? Sjå her!

I Stryn finn du gode stadar å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen.

Vi er opptekne av å vere eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime. Vi tilbyr tenester innan eldreomsorg, oppvekst og fritid, sosiale tenester og helse. Målet vårt er å skape god livskvalitet for alle innbyggjarane. Vi legg vekt på innbyggjarmedverknad, og tenestene våre skal vere tilpassa dei behova du som innbyggjar har.

Kontaktpersoner

Geirmund Dvergsdal
Konstituert kommunalsjef Teknisk
Telefonnummer: +47 971 97 092

Hvem er Stryn kommune?

Stryn kommune har 7.153 innbyggjarar, der omlag 2500 bur i Stryn sentrum. I sentrum finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, helsesenter, vidaregåande skule, offentlege kontor, kulturhus med symjehall, idrettshallar, idrettsbaner og det meste anna du treng for å leve eit godt liv.

Stryn ligg lengst inne i Nordfjord, lengst nord i Vestland fylke, og er eit eldorado for spennande aktivitetar både sommar og vinter. Området er eit vandremekka med fleire hundre merka turløyper i variert natur over heile kommunen.

I Stryn finn du gode stadar å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen.

Vi er opptekne av å vere eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime. Vi tilbyr tenester innan eldreomsorg, oppvekst og fritid, sosiale tenester og helse. Målet vårt er å skape god livskvalitet for alle innbyggjarane. Vi legg vekt på innbyggjarmedverknad, og tenestene våre skal vere tilpassa dei behova du som innbyggjar har.