Sivilingeniør/Ingeniør Leikanger

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vatn- og miljøavdelinga i Asplan Viak har 200 rådgjevarar, og er ein av dei leiande aktørane innan vatn- og avløpsfaget i landet. Vi jobbar tverrfagleg med mange spennande prosjekt i heile breidda innanfor vassforsyning, avløp, overvatn og vassmiljø.

Oppdragsmengda vår er aukande og vi har behov for å styrke vårt fagmiljø ved kontoret i Leikanger. Leikangerkontoret har 24 tilsette, der 9 medarbeidarar er i faggruppa Vatn og miljø. Vi jobbar med planleggjing, prosjektering og byggjeleiing for ei rekkje varierte små og store oppdrag. Kontoret jobbar tett saman med dei øvrige kontora i landsdelen.

Vi søker deg som likar utfordringar, er fagleg dyktig og har nokre år med prosjekteringserfaring.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse og interesser:

  • Overordna planleggjing og detaljprosjektering av overvannsløysingar og infrastruktur for vatn og avløp.
  • Prosjektering av prosessanlegg for vatn- og avløpsrensing, slambehandling og avfallshandtering.
  • Vassdrags- og vassmiljø
  • Forureiningsproblematikk
  • Utarbeide byggjeplanar for samferdsleprosjekt
  • 3D-prosjektering / BIM
  • Utarbeide beskrivelsar og konkurransegrunnlag
  • Prosjekterings- og fagansvar i tverrfaglege prosjekt
  • Prosjektleiing av VA-prosjekt
  • Oppfølgjing på byggjeplass/byggjeleiing
  • Modellering av VA-nett og dimensjonering av VA-leidningar, systemanalyser, trykkstøt, fordrøyingstiltak

Kvalifikasjonar:

  • Ingeniør/sivilingeniør frå universitet/høgskule
  • Vi ynskjer deg med solid erfaring frå VA-faget og vassmiljø, men vil også vurdere nyutdanna med VA-teknisk utdanning
  • Erfaring i bruk av prosjekteringsverktøy (AutoCAD, NovaPoint, VARDAK, G-prog etc.) er ein fordel
  • Erfaring i bruk av modelleringsverktøy (EPA SWMM/ MIKE URBAN eller tilsvarande program) er ein fordel
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar:

  • Ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • Engasjert
  • Initiativrik og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeid i ein spennande region
  • Fleksibel arbeidstid, fem veker ferie i tillegg til fri kvardagane i påskeveka og romjula
  • Studieturar, fagsamlingar og ulike sosiale arrangement

Søknad med CV og aktuelle vedlegg sendes via linken "Send søknad".

Hvem er Asplan Viak?

Asplan Viak AS er eiet av en stiftelse. Det påvirker vårt verdigrunnlag. Vi vil at hver enkelt medarbeider skal være seg bevisst at alle våre handlinger setter avtrykk; i nærmiljøet og samfunnet som helhet. Vår kultur bygges innenfra og reflekteres utad. Som et av landets største rådgivende ingeniør- og arkitektfirma, med ca. 900 ansatte fordelt på 31 kontorsteder, er vi en viktig arena for samfunnsutviklingen. Vi former samfunnet og ser mennesket.

Les mer om Asplan Viak og se flere ledige stillinger