Serviceteknikar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. august, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Er du vår nye serviceteknikar? Dersom du har teknisk interesse og vil jobbe med bransjens mest fremtidsretta teknologi, då passar du hjå oss. Du vil etter opplæring få jobbe sjølvstendig i større og mindre oppdrag, og som vårt ansikt utad så er det viktig for oss at du bidreg til ei god kundeoppleving og utfører godt teknisk arbeid. Du vil bli utfordra gjennom totaltekniske problemstillingar, og vil være ansvarleg for at alle oppdrag blir gjennomført etter dei krav og sikkerheitsrutinane som er fastsette. Vi ser etter deg som er teknisk interessert og vil jobbe for eit berekraftig samfunn for generasjonar. 

Både nyutdanna og dei med meir erfaring oppfordrast til å søke! 

GK i Sogn og Fjordane har totalt 35 tilsette innan ventilasjon, service, byggautomasjon, kulde og energi. Med so mange kompetente medarbeiderar vil du bli ein del av eit særs godt kompetansemiljø som du kan utvikle deg vidare i. Vi er opptekne av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ein meir berekraftig bransje. Difor er vi opptekne av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.

Arbeidsoppgåver:

  • Service og vedlikehald av klimaanlegg.
  • Mindre installasjons- og montasjearbeid.
  • Innregulering og igangkøyring.
  • Teamjobbing på avdelinga.
  • Kundekontakt i form av planlegging og oppfølging av serviceoppdrag.

Foretrukne kvalifikasjonar:

  • Gjerne fagbrev innan elektro, byggautomasjon, kjøling eller rør, men dette er ikkje eit krav.
  • Bakgrunn frå byggautomasjon/elektro, kjøling eller mekanisk service på ventilasjonssystem, drift- og forvaltning av bygg er ein fordel, men heller ikkje eit krav.
  • Omgjengeleg, serviceinnstilt, sjølvstendig og lærevillig.

Vi kan tilby:

  • Ei interessant stilling i eit offensivt selskap i utvikling, i eit stort konsern med solid økonomi.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmuligheiter. 
  • Kurs og etterutdanning.
  • Gode datasystemer for prosjekt- og økonomistyring.
  • Gode pensjons-, løns- og forsikringsforhold.
  • Bil- og telefonordning.

Kontaktpersoner

Rune Lillejord
Avdelingsleder
E-postadresse: rune.lillejord@gk.no
Telefonnummer: 93233746

Hvem er GK ?

GK er Skandinavias ledende tekniske entreprenør og servicepartner med ekspertise innen ventilasjon, elektro, rør, sikkerhet, byggautomasjon, kulde og energi. Våre mer enn 3300 medarbeidere i Norge, Sverige og Danmark tar hånd om alt av teknikk i bygg, fra prosjektutvikling og installasjon til drift og vedlikehold. GK Gruppen omsetter for 6 milliarder kroner.

Les mer om GK og se flere ledige stillingerSe videopresentasjon