Seniorrådgjevar/Rådgjevar Langsiktig utvikling/NTP

Stillingsbeskrivelse

Seksjon Langsiktig utvikling/NTP

Utviklinga av togtilbodet er viktig for å løyse Noreg sine miljø- og klimautfordringar, og viktig for å utvikle gode byar. Difor er det i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-29 sett av 320 milliardar kroner til jernbana. Jernbanedirektoratet si rolle og ansvar er, i samspel med annan kollektivtrafikk, å omsette nasjonale mål til konkrete resultat innanfor dei gjeldande økonomiske rammene.

No søkjer vi ein engasjert medarbeidar, anten seniorrådgjevar eller rådgjevar (avhengig av kvalifikasjonar), til seksjonen Langsiktig utvikling/NTP, med plassering ved vårt kontor i Trondheim. Denne seksjonen tel i dag 15 medarbeidarar, fordelt på kontora i Oslo, Bergen og Trondheim. Saman med desse og andre fagmiljø i direktoratet, og i samarbeid med Statens vegvesen og andre samferdselsverksemder, skal du både arbeide med utgreiingar på nasjonalt nivå og særskilt knytt til Midt- og Nord-Noreg.

Kontoret i Trondheim har til saman 16 medarbeidarar som representerer dei fleste seksjonane i Jernbanedirektoratet. Som tilsett i denne stillinga vil du samarbeide med desse, ikkje minst i arbeidet med å følgje opp byvekstavtalen for Trondheimsområdet.

Jernbanedirektoratet er prosjektorganisert. Du vil difor få ein allsidig kvardag med moglegheit til å arbeida med ulike oppgåver i kryssingspunktet mellom fag og politikk. Vi ser etter deg som kan identifisere deg med verdiane våre: Nytenkjande, open, modig og kompetent.

Arbeidsoppgåver

  • Strategiske utgreiingar om jernbane og anna kollektivtransport, både for heile landet og for Midt- og Nord- Noreg.
  • Ta del i arbeidet med byvekstavtalen for Trondheimsområdet
  • Ta del i arbeidet med Nasjonal transportplan
  • Prosjektleiing og prosjektdeltaking

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå
  • Røynsle med by- og arealutvikling og kunnskap om samanhengane mellom transportsystem og arealutvikling
  • Røynsle med strategisk utgreiingsarbeid, helst innanfor jernbane og/eller kollektivtransport
  • Nyutdanna eller personar med kort røynsle frå arbeidslivet er også aktuelle
  • God forståing av offentleg sektor og politiske prosessar
  • Evne til å komme med gode idear og forslag til gjennomføring

Personlege egenskaper

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Samfunnsengasjert
  • God gjennomføringsevne
  • Endringsvillig og fleksibel
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø i moderne og sentralt plasserte kontor i Trondheim
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, mykje ansvar og moglegheit til å påverke politiske avgjerder
  • Gode utviklingsmoglegheiter i eit direktorat og i ein sektor det vert satsa på
  • Avhengig av kvalifikasjonane til søkaren er stillinga lønna etter stillingskode 1434 Rådgjevar/1364 Seniorrådgjevar kr 550 000 – kr 815 000
  • Den tilsette må rekne med å reise ein del.

Alle førespurnader vert behandla konfidensielt inntil søknadsfristens utløp. Deretter blir det sett opp offentleg søkarliste. Dersom ein søkar ønsker å reservere seg frå ei offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Søkaren vil blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Staten legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding. Ved tilsetting gjeld 6 månader prøvetid. Det vert trekt 2 prosent av bruttolønn som innskott til Statens pensjonskasse.

 

Kontaktinformasjon

Stein Batalden, Seksjonsleder Langsiktig utvikling/NTP, tlf. (+47) 907 78 219.

Søknadsfrist: 31.08.2019

Arbeidssted: Trondheim

Kontaktpersoner

Stein Batalden
Seksjonsleder Langsiktig utvikling/NTP
Telefonnummer: (+47) 907 78 219

Hvem er Jernbanedirektoratet?

Jernbanedirektoratet skal sørge for at jernbanesektoren vert driven mest mogleg effektivt, sikkert og miljøvennleg til beste for dei reisande, godstransporten og samfunnet. Vår oppgåve er å utvikle jernbanen som del av det samla transportsystemet i dag og i framtida. Vi skal også styre sektoren gjennom å definere og kjøpe tenester innan persontrafikk, samt inngå avtalar om utvikling av infrastruktur og togmateriell. Jernbanedirektoratet er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet og har hovudkontor i Oslo. Jernbanedirektoratet er også ansvarleg for Norsk fagskole for lokomotivførarar og Norsk jernbanemuseum. For mer informasjon se: jernbanedirektoratet.no