Rådgjevande ingeniør VA

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 06. juni, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Multiconsult på Stord ønskjer å styrke sin kompetanse innan fagfeltet VA med ein ny medarbeidar til vår seksjon akva og plan.
Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldreve kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til anleggsgjennomføring.

Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarane i bransjen, både blant studentar og erfarne – er du nyskjerring på kvifor?

OM STILLINGA

Som rådgjevar i Multiconsult får du mange spennande oppdrag, og vi ser etter deg som vil vere med å utvikle oss vidare. Du vil få jobbe i eit stort tverrfagleg miljø, og tett med dei andre fagmiljøa i konsernet. Multiconsult har som motto at vi skal tenke berekraft i alt vi gjer, og du som søkjar må ha engasjement for dette.

Vi søkjer etter ein erfaren eller nyutdanna medarbeidar med relevant fagbakgrunn, som er kreativ, løysingsorientert, fagleg engasjert, har god gjennomføringsevne og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Våre VA-ingeniørar jobbar for både private og offentlege kundar, med god variasjon i type oppdrag. Dersom du set pris på å jobbe tverrfagleg og kunderetta i ei variert og utfordrande rolle, så er dette ei stilling du bør sjå nærare på.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Prosjektering innafor fagfeltet VA-teknikk, mellom anna: kommunal VA, overvasshandsaming, VA i byggeprosjekt, drens- og leidningsplanar i samferdsleprosjektog renseteknikk
  • Teikneoppgåver i Novapoint og AutoCAD
  • Beskrivelse
  • Følgje opp leveransar og framdrift
  • Kommunikasjon, både internt og mot kunde

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Ønskjeleg med 3-5 års erfaring frå bransjen innan offentleg eller privat sektor, men nyutdanna kan og søkje
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk

KVA MEIR KAN VI TILBY DEG?

Multiconsult er ein solid og omsorgsfull arbeidsgjevar som vektlegg jobbtryggleik for sine medarbeidarar. Som kunnskapsbasert bedrift er Multiconsult spesielt oppteken av å ta i vare deg som medarbeidar og vil difor tilby deg følgjande:

  • Spennande og langsiktige karrievegar. Alle medarbeidarar i Multiconsult har sin eigen mål- og utviklingsplan med tilpassa kompetanseutviklingstiltak i tråd med ønskja karriereveg- og utvikling.
  • Deltaking i faglege kompetansenettverk
  • Ein god balanse mellom arbeid og fritid
  • Gode løysingar og ordningar for heimekontor
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø. Me meiner at godt samhald og trivnad på arbeidsplassen er vegen til effektive og motiverte medarbeidarar. Difor tilbyr me mellom anna bedriftsidrettslag med varierte tilbod, ulike sosiale arrangement og avdelingsturar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt aksjesparingsprogram
  • Fem veker ferie, fri i romjula og påska, samt fleksibel arbeidstid
  • Firmahytter rundt om i heile landet

LITT MEIR OM OSS

Multiconsult er eit av Norge sine leiande miljø innan prosjektering og rådgjeving. Jobben vi gjer er gjort mogleg av våre ca 3000 svært kompetente og dyktige medarbeidarar. I forretningseining Vest har vi eit innovativt arbeidsmiljø med ca 300 medarbeidarar. Til saman representerer vi dei fleste fagmiljø, og jobbar både einfagleg og fleirfagleg.
Multiconsult si avdeling på Stord er lokalisert sentralt i Leirvik med nye og moderne kontorlokale i Kunnskapshuset. Avdeling Stord har ca 40 medarbeidarar fordelt på seksjonane Akva og plan og Bygg og industri. Seksjon Akva og plan utgjer for tida 16 medarbeidarar fordelt på fagområda VA, plan, SØK, landskapsarkitektur og akva.

Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad – vi handsamar søknader løpande, og gler oss til å høyre frå deg!
For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar Svein Andersland, tlf: 91399524

Kontaktpersoner

Svein Andersland
Seksjonsleder
Telefonnummer: 91399524

Hvem er Multiconsult?

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre nærmere 3000 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & Eiendom, Industri, Olje & Gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & Samfunn.

Les mer om Multiconsult og se flere ledige stillinger