Seniorrådgivar på oppfølging av økonomi i bompengepakkar

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Statens vegvesen har frå Samferdselsdepartementet fått i oppdrag å følge opp tilskot og bruk av bompengar som offentlege middel, enten det er på kommunalveg, fylkesveg eller riksveg. Transport og samfunn har eit spesielt ansvar for å følgje opp tilskot og bompengepakkar og bidra til målet om Meir for pengane.

Vi treng derfor ein ny medarbeidar med ansvar for økonomisk oppfølging/ og koordinering av bompengar og tilskot i bompengepakkar/bypakkar. Innanfor Transport vest sitt ansvarsområde er det fem pågåande bompengepakkar under utbygging, og fl eire pakkar og strekningar med bompengeinnkrevjing. Vi har og ansvar for å følgje opp byvekstavtalene på Nord Jæren og i Bergen.

I tillegg er overordna økonomistyring for avdelinga lagt til stillinga.

Du vil bli ein av to i staben til avdelingsdirektøren.

Kontorstad er Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Skaffe oversikt og følgje opp økonomi i bompengepakkar
  • Innhente og melde inn behov for rekvirering av bompengar
  • Forvalte statlege tilskot
  • Bidra i utvikling av oppgåver innanfor vårt ansvar
  • Overordna intern økonomistyring på avdelinga

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskeleg at du har universitet- eller høgskuleutdanning (minimum 3 år) innan økonomi.

Det er ein fordel om du har kunnskap om offentleg økonomiforvaltning.

Vi jobbar med å utvikle oss på meir digitale løysingar og håpar du har interesse for utviklingsarbeid og digitalisering.

Det vil bli lagt vekt på:

  • Praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing.
  • Kompetanse på økonomioppfølging av prosjektportefølgjer og kjennskap til ulike finansieringskjelder.
  • Evne til å forstå oppgåvene i ein større samanheng.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Kommunisere godt og skape gode samarbeidsforhold med partane.
  • Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø med kompetansedeling.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • godt arbeidsmiljø

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Har du spørsmål, så tek du kontakt med avdelingsdirektør Tone M. Oppedal på telefon +47 950 46 056 eller epost tone.oppedal@vegvesen.no

Kontaktpersoner

Tone M. Oppedal
Avdelingsdirektør
Telefonnummer: +47 950 46 056

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger