Senioringeniør innan overordna vegplanlegging og NTP-koordinator

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Vi ser etter deg som har brei kunnskap og erfaring med vegplanlegging, særleg med tanke på heilheitsvurdering for utvikling av riksvegnettet i arbeidet  med Nasjonal transportplan (NTP). Stillinga medfører også koordinering av Transport vest sitt arbeid med NTP både internt i divisjonen og mot andre divisjonar.  

Har du lyst til å bruke denne kunnskapen inn i arbeidet med overordna vegplanlegging inkludert Nasjonal transportplan, er du velkommen som medarbeidar hjå oss.

Utredningsseksjon er ein seksjon i Transport vest, som er ei avdeling i divisjon Transport og samfunn. Vi har ansvar for all planlegging og prosjektutvikling på riksveg som kjem før planlegging etter plan og bygningslova i Vestland og Rogaland. Seksjonen har tolv medarbeidarar som er ingeniørar / sivilingeniørar og økonomar / siviløkonomar fordelt på ulike kontorstader i Transport vest sitt område.

Utredningsseksjonen har blant annet ansvar for følgjande oppgåver:

  • Arbeide med grunnlag for nasjonal transportplan (NTP)
  • Utføre transport- og samfunnsøkonomiske analyser
  • Utgreie grunnlag for bompengefinansiering
  • Følgje opp byvekstavtaler i Bergen og på Nord-Jæren
  • Drive prosjektutvikling i tidlegfase som grunnlag for NTP-arbeidet
  • Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere arbeidet med NTP i Statens vegvesen i Transport vest
  • Delta i nasjonalt samarbeid knytt til NTP
  • Utvikle aktuelle prosjekt for NTP
  • Utføre overordna vegplanlegging på riksvegane våre

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule (minimum 3 år), gjerne med ingeniørfag eller tilsvarande i utdanninga. Det er ein fordel om du har erfaring frå overordna vegplanlegging. I tillegg kan det vere aktuelt med etterutdanning dersom det er behov for det.  Det er ein forutsetning med godt skriftleg og munnleg språk (norsk både bokmål og nynorsk).

Vi ønsker oss ein medarbeidar som:

  • Har stort engasjement for faget og ønskjer å formidle dette til andre
  • Tek initiativ, jobbar sjølvstendig og likar å løyse utfordrande oppgåver
  • Har evne å sjå heilheiten i veg – og trafikksystemet
  • Kan dokumentere gode samarbeidsevner

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • godt arbeidsmiljø og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Nils Magne Slinde på telefon +47 901 54 550 eller e-post: nils.slinde@vegvesen.no

Kontaktpersoner

Nils Magne Slinde
Seksjonsleiar
Telefonnummer: +47 901 54 550

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger