Senior rådgjevar- Baneteknikk

Stillingsbeskrivelse

I Region Vest har vi eit innovativt arbeidsmiljø med ca. 300 medarbeidarar. Kontoret er multifagleg og representerer dei fleste fagmiljø. Multiconsult sitt regionkontor i Bergen ligg i Nesttunbrekka langs bybanetraséen, ca. 15 minutt frå Flesland flyplass. Regionen har òg kontor på Voss og Stord.

Vi søkjer vi ein dyktig og motivert medarbeidar til vår seksjon Bane. Seksjon Bane vest har sitt hovudsete på Tvildemoen på Voss, og kontorplass vil vere på Voss eller i Bergen etter nærare avtale.

Multiconsult seksjon Bane vest har i dag fleire oppdrag lokalt og nasjonalt som vil gje mange moglegheiter for utfordrande arbeidsoppgåver både i mindre og i store tverrfaglege samferdselsoppdrag i heile Norge. Vår strategi er å bygge eit leiande komplett banemiljø i Norge, og kontoret vårt på Voss er ein viktig del av denne satsinga. Vi søkjer deg som har lang erfaring innanfor baneteknikk og som er motivert til å bidra til vidare utvikling av vårt banemiljø.

Du vil vere ein del av ein seksjon med eit dyktig og engasjert fagmiljø med kompetanse innanfor spor, kontaktleidning, jording, lågspent, SHA, risikoanalyser, faseplanlegging og anleggsgjennomføring for å nemne noko. Via oppdrag, kompetansenettverk, samlingar mm vil ein få høve til å bli kjent med og jobbe saman med heile banemiljøet i Multiconsult.

Du vil få varierte og spennande arbeidsoppgåver innan planlegging av tverrfaglege baneoppdrag. I dei fleste oppdraga vil du samarbeide med fleire av fagmiljøa i dei ulike regionane i Multiconsult.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Prosjektering og planlegging innan baneteknikk
  • Disiplin- og prosjekteringsleiing i våre komplekse tverrfaglege oppdrag
  • Bidra til god kvalitet i leveransar
  • Bidra til fagleg utvikling i seksjonen og Multiconsult

 

Kvalifikasjoner

  • Utdanning som ingeniør/sivilingeniør eller tilsvarande
  • Minimum 10-års erfaring innan baneprosjekt (rådgivar, byggherre eller entreprenør)
  • Tverrfagleg fagkunnskap innanfor baneteknikkGod evne til å tenkje tverrfaglig og ha oversikt på grensesnitt

 

Personlege eigenskapar:

  • Du  tek ansvar og  trivast med å arbeida med kundar i ein utfordrande kvardag
  • Kreativ og fagleg engasjert
  • Sjølvstendig og initiativrik, samt evne til å jobbe tverrfagleg
  • Må trivast med tekniske utfordringar
  • Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
  • Vant til å arbeide i team, støttande og god lagspelar
  • God gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Bidrag til eit allereie godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

  • Ein seksjon som fokuserer på verdiar som tillit og openheit
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Ein spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmuligheiter
  • Ein fleksibilitet som legg til rette for ein sunn balanse mellom jobb og fritid
  • Eit tverrfagleg miljø som bidrar til optimale løysningar for våre kundar 
  • Deltaking i landsdekkande kompetansenettverk
  • Moglegheit til prosjektdeltaking i store samferdseloppdrag
  • Moderne kontorlokale på Voss eller Nesttun
  • Fem vekers ferie samt fri mellom jul og nyttår samt i påsken
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag og mange sosiale aktivitetar
  • Ein ekspansiv bedrift med et sterkt merkenamn og eit multifagleg miljø

Kontaktpersoner

Espen Berntzen
seksjonsleder Bane
Telefonnummer: 99 32 39 33

Hvem er Multiconsult?

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre mer enn 2500 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & eiendom, Industri, Olje & gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & samfunn.

Les mer om Multiconsult og se flere ledige stillinger